Nytilsett folkehelsekoordinator i Surnadal kommune, Trine Kristiansen Glåmen, deltok på medlemsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 7. mars. Ho sette fokus på kor viktig det er å trene styrke og balanse når ein kjem opp i åra.
Les heile saka
Nytilsett folkehelsekoordinator i Surnadal kommune, Trine Kristiansen Glåmen, deltok på medlemsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 7. mars. Ho sette fokus på kor viktig det er å trene styrke og balanse når ein kjem opp i åra.
Les heile sakaDa har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plastavfall og matavfall, for mars og april 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for mai og juni, vil bli lagt inn i starten av mai månad.
Les heile sakaTodalen Idrettslag har årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. No er den fullstendige saklista klar, og den kan du sjå nedanfor. Saksdokumenta til årsmøtet vil bli tilgjengeleg her på Todalen.no frå og med klokka 19:00 årsmøtedagen.
Les heile sakaKandidatane for månadens bilete i februar har ikkje ein drope nedbør eller eit snev av anna uvêr. Det er på tide å rette på solbrillene og klikke seg inn for å bidra til kåringa av februar-biletet!
Les heile sakaTysdag 7. mars klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det blir servering av saft etterpå.
Les heile sakaEtter ei helg med mykje ver – stort snøfall og vind – vart det opphaldsver under kløverturen måndag 6. mars.
Les heile sakaDriftsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, opplyser at det no er nypreparerte løyper og fine forhold i lysløypetraseen på Tjønnmyra.
Les heile sakaSvorka melder kl 19.19 om straumbrot og fasefeil uti Stranda. Arbeid er i gang, og dei har eit tidsanslag på 4-5 timer for å reparere skaden.
Ja det er faktisk slik at vi snør mesta ned – det siste halvanna døgnet har det kome unormalt mykje snø, og snøen har vore tung. Ståle Ansnes i Todalen Mjølk seier at han aldri har opplevd så mykje og så tung snø før i sin karriere som brøytesjåfør. Snøen er kram og fuktig og Ståle merka det godt på traktoren i dag tidleg da han var ut på brøyting – faktisk var det poblematisk å få nok marktrykk for å styre traktoren.
Les heile sakaDet var stor spenning i leiren da juniorane først skulle kvalifisere seg og så gå to etappar kvar i tomannslag. Det var 22 lag som kappast om dei 12 finaleplassane, Malin og Erik klarte å kvalifisere seg, medan 2.-laget Aslaksen Røed og Hjelset Andersen rauk ut. Indergård/Kårvatn kom på 10-plass i kvalifiseringa, men enda altså opp på 9.-plass etter at dei hadde gått 2 etappar kvar i den krevjande løypa.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDet var knytta stor spenning til dagens konkurranse i BOI TAULL, der Erik Kårvatn representerer Norge i individuell på klasse U20 men. 32 deltakarar stillte på startstreken, og her var det ingen ting å få gratis. Vinnaren Nils Oberauer frå Østerrike var det igengen ting å gjera med – han leia konkurransen frå start til mål. På andreplass kom Gheorghe-Petrut Jinga knappe minuttet etter og på tredjeplass kom italienaren Davide Sambrizzi ca 1 minutt etter.
Les heile saka