Lille julaften er nest siste trekning i Adventlotteriet – denne dagen er det også 3 gevinstar attafor luke nr 23. Den første gevinsten er eit gavekort på kr 500 frå Todalshytta. Den heldige vinnar her vart Sigurd Talgø i Andersstua. Sigurd får ta ein tur til kammerpike Ediths spiseri når det lir utpå våren. Den andre gevinsten er 10 sekker med tørr og fin bjørkaved – den hamnar på Kvennset
Les heile saka
Den tradisjonelle gudstenesta i Todalen kyrkje på julaften startar i år kl 13.30, melder Todalen sokneråd. Det er Kirsti Hjørnevik som er liturg, og Bernt Bøe som er organist.
Les heile saka
Også hos Surnadal Taxi er det snart jul. Skal du ha drosje 24. desember (julaftan) etter klokka 16:00 og fram til 25. desember (1. dag jul) før klokka 10:00, må du førehandsbestille før klokka 16:00 den 24. desember.
Les heile saka
Like sikkert som det går mot jul, så dukkar Søyaposten opp i postkassane til dei av medlemmene i I.L. Søya, som bor på Nordvik, og på strekninga Pollen – Stangvik. I år er det altså 52. årgang av Søyaposten. Redaksjonen har bestått av Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Geir Forbregd og Kristin Grønnes.
Les heile saka
Ingebrigt Steen Jensen tilbake til Halsa i Heim kommune, måndag 9. januar 2023. Han kjem for å snakke om den nyaste bok si «Før jeg forsvinner» og det nye livet, han har fått, med diagnosen Alzheimer.
Les heile saka
Da har vi starta innspurten mot jul for alvor – 2 dagar att til julaften og enda har vi mange gevinstar att. Bak luke nr 22 var det også 3 gevinstar og den første er 3 glass med prima honning – den heldige vinnaren er Nina og Michal (Heimlund) i bustadfeltet på Kvennset.
Les heile saka
Ivar Bolme kan fortelje at det no er mogleg å gå heile Toåa tursti, både med og utan ski. Det er brukt snøscooter for å tråkke sjølve turstien, slik at det er mogleg å gå på føtene, medan det på sida av turstitraseen er laga skispor, for dei som heller ønsker å bruke ski.
Les heile saka
Jula nærmar seg som kjent med stormskritt, noko som inneber endra opningstider for butikkane. Butikken til Kårvatn Fjellutstyr på Kårvatn vil ha langope 22. desember, mellom klokka 10:00 – 19:00 og 23. desember (lille julaften) mellom klokka 10:00 – 16:00.
Les heile saka
Romjula er vanlegvis ei populær tid for å ta seg ein tur på kino. Ved Surnadal kino kan dei skilte med to norgespremierar på i romjula. Det er filmane «Kampen om Narvik» og «Folk og røvere Kardemomme by». «Kampen om Narvik» er ein film som eigentleg hadde premiere i 2020, men som har vore utsett på grunn av korona og krigen i Ukraina. «Folk og røvere i Kardemomme by» er ein animasjonsfilm som bygger på Torbjørn Egner si bok med same namn.
Les heile saka
Et intensivt år med rekordmange oppdrag og høy aktivitet nærmer seg slutten for Talgø Tradbo. På tampen av året kan bedriften selv og morselskap Talgø glede seg over at nok en brikke er falt på plass for veien videre. Nå har nemlig påtroppende daglig leder Øyvind B. Rolland kommet i hus – og med ham ny giv og ambisiøse mål for veien videre i 2023.
Les heile saka
Julehandelen er i full gang – både lokalt og i dei store butikksentra. I år er det kanskje viktigare enn nokon gong at ein tenkjer litt lokalt når ein planlegg julehandelen. Dersom prognosane for årets julehandel held stikk, så kan vi kanskje oppleve at det blir ein liten nedgang, samtidig som vi opplever ein formiddabel kostnadsauke og prisstigning. Kan berre nemne straumprisar, drivstoffprisar, renteprisar og stor auke i matprisane. Derfor er det så viktig å bruke lokale tilbod – handle matvarer der du bur og handle resten i lokale butikksenter.
Les heile saka
I dag er det onsdag 21. desember og da er det sjølvsagt spennande kva vi finn bak luke 21. Vi finn etter kvart ut at det er 3 gevinstar for denne dagen – og dagens første gevinst er eit brett med egg som hamnar på Kvennsetgarden – nærare bestemt hos Olaug Kvennset . Den andre gevinsten derimot hamnar oppi Halagrenda …
Les heile saka