Det er sjølvsagt knytt stor spenning til vêret når ein skal arrangere Todalsdagen – det betyr så enormt mykje for publikumtilstrøyminga og dermed for omsetning og overskot. Årets Todalsdag hamna midt i mellom 2 lågtrykk, og fikk dermet bra tilhøve for å arrangere årets TodalsCup og Ræta Opp.
Les heile saka
Ræta Opp har ein sosial profil, og Todalen Idrettslag er så generøse at dei gir bort startkontingenten til eit veldedig formål. I år er det Surnadal Røde Kors som er den heldige mottakar, og dei vart også inviterte til å promotere seg på Bordholmen under Todalsdagen. Dei skal bruke pengane til gode formål lokalt, fortel gjengen som stilte på SRKs stand under Toalsdagen. – Vi har eit utruleg stor engasjement lokal, og legg ned mykje arbeid i Hjelpekorpset som driv med redning og Omsorggruppa som driv både omsorgsarbeid og besøksteneste.
Les heile saka
No er trekningslista for TILs jubileumslotteri klar. Salet av lodd i jubileumlotteriet har pågått dei siste vekene og det er nok mange som hadde stor forhåpning og var spente på trekninga som skulle skje under Todalsdagen. Det vart selt lodd for over 28.000 og trekninga gikk føre seg på Bordholmen laurdag ettermiddag. Bla om og […]
Les heile saka
Håvard Gjeldnes og Lisabeth Sæterbø toppar resultatliste for mosjonsløpet Ræta opp i år. Det gjorde dei også i fjor og i forfjor, med det er det slett ikkje sikkert at dei gjør neste år, for i herrklassen pusta Emil Ansnes i nakkan på Håvard Gjeldnes det meste av løpet. Men i innspurten vart Håvard sterkast og kom i mål 36 sekund før Emil. I dameklassen kom Lisabeth Sæterbø i mål 29 sekund før Ingrid Tangen som kom på andreplassen.
Les heile saka
I morgon er «Ræta opp!» lagt inn i Todalen Idrettslag sin Trimpoeng app.
Les heile saka
I dag gjekk starten på fjelløpet Xreid, som var er 135 kilometer og med ein total høgdeforskjell på 5400 meter i Storlidalen. Xreid Trollheimen hadde start klokka 12:00 og målgang på Oppdal ut på morgonkvisten i morgon. Litt før 15:30 passerte dei første løparane Kårvatn check point. Det er 233 startande pluss 15 lag (minimum 2 som spring saman).
Les heile saka
I går kveld arrangerte Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen stadion, for å ta siste finpussen på anlegget før Todalsdagen laurdag 1. juli. I tillegg hadde nokre damer installert seg i ungdomshuset for å lage grillspyd og tillbehør til grillinga. Som vanleg på dugnad, så var det mange som møtte opp, slik at arbeidet vart fort ferdig.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen sin til Kårvatn og Nauståfossen. – Fossen var mektig og ville vise seg til fram til dei 21 som var med på tur idag, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Les heile saka
Lørdag kl 12.30 går startskuddet for årets Ræta Opp. Først starter Litj-Ræta for de minste, og går en runde rundt banen. Like etter er det turen til Ræta Opp 2023, med start for hovedfeltet. I år er der Surnadal Røde Kors som får hele potten med startkontingent. Nordmøre Sparebank1 støtter oss med deltakerpremier.
Les heile saka
Sjølv om vi akkurat har passert midtsommar, og det er ei lita stund til jakta tek til, så må dei som har tenkt seg på jakt ta til å førebu seg allereie no. Søya og Todalen Skyttarlag startar opp med oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen måndag 3. juli mellom klokka 18:00 – 20:00.
Les heile saka
Laurdag første 1. juli er det duka for Todalsdagen 2023. Det er i år 30 år sidan den første Todalsdagen vart arrangert tilbake i 1993, noko Todalen Idrettslag markerer med eit stort «Jubileumslotteri» med ti fine gevinstar frå lokale bedrifter.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens siste fjelltur, ogdenne gongen gjekk til Steinløa attom Svarrafjellet, sett frå Surnadal. – Alldeles rett turver etter sprengvarmen, så stemninga var god, kunne Kristian Ranes i Fjellgruppa rapportere etter turen.
Les heile saka