I dag gjekk starten på fjelløpet Xreid, som var er 135 kilometer og med ein total høgdeforskjell på 5400 meter i Storlidalen. Xreid Trollheimen hadde start klokka 12:00 og målgang på Oppdal ut på morgonkvisten i morgon. Litt før 15:30 passerte dei første løparane Kårvatn check point. Det er 233 startande pluss 15 lag (minimum 2 som spring saman).
Les heile saka
I går kveld arrangerte Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen stadion, for å ta siste finpussen på anlegget før Todalsdagen laurdag 1. juli. I tillegg hadde nokre damer installert seg i ungdomshuset for å lage grillspyd og tillbehør til grillinga. Som vanleg på dugnad, så var det mange som møtte opp, slik at arbeidet vart fort ferdig.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen sin til Kårvatn og Nauståfossen. – Fossen var mektig og ville vise seg til fram til dei 21 som var med på tur idag, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Les heile saka
Lørdag kl 12.30 går startskuddet for årets Ræta Opp. Først starter Litj-Ræta for de minste, og går en runde rundt banen. Like etter er det turen til Ræta Opp 2023, med start for hovedfeltet. I år er der Surnadal Røde Kors som får hele potten med startkontingent. Nordmøre Sparebank1 støtter oss med deltakerpremier.
Les heile saka
Sjølv om vi akkurat har passert midtsommar, og det er ei lita stund til jakta tek til, så må dei som har tenkt seg på jakt ta til å førebu seg allereie no. Søya og Todalen Skyttarlag startar opp med oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen måndag 3. juli mellom klokka 18:00 – 20:00.
Les heile saka
Laurdag første 1. juli er det duka for Todalsdagen 2023. Det er i år 30 år sidan den første Todalsdagen vart arrangert tilbake i 1993, noko Todalen Idrettslag markerer med eit stort «Jubileumslotteri» med ti fine gevinstar frå lokale bedrifter.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens siste fjelltur, ogdenne gongen gjekk til Steinløa attom Svarrafjellet, sett frå Surnadal. – Alldeles rett turver etter sprengvarmen, så stemninga var god, kunne Kristian Ranes i Fjellgruppa rapportere etter turen.
Les heile saka
I forkant av Todalsdagen 1. juli, arrangerer Todalen Idrettslag dugnad på anlegget på Bordholmen stadion torsdag 29. juni klokka 18:00, for å gjere anlegget klart til Todalsdagen. Det er anlegget utandørs som skal klargjerast, så ta med høveleg reiskap.
Les heile saka
Frivillighetssentralen i Surnadal minner om aktivitetar for Surnadal ungdomsklubb denne veka – bla om så finn du programmet….
Les heile saka
No har området ved Storfossen og Gammelfabrikken fått ein liten «facelift», og det gjorde jammen mon. Som alle andre plassar så har det etter kvart grodd opp ein del krattskog, og det har Talgø gjort noko med. Rundt Storfossen er krattskogen borte, og det løfta fram fossen som no er eit prektig skue med vårløysing og stor vassføring.
Les heile saka
Mosjonsløpet Ræta OPP er godt forankra som ein del av Todalsdagen som går av stabelen komande laurdag 1. juli. Tradisjonelt har Todalen Idrettslag vore raus til å støtte veldedige organisasjonar ved å donere startkontingenten til eit godt føremål. Denne gongen er det Surnadal Røde Kors som får nyte godt av dette.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til ny stavgangtur torsdag 29. juni klokka 11:00. Denne gongen går turen til Kårvatn og Nauståfossen.
Les heile saka