Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: På grunn av teknisk feil var turen fra Kvanne kl 06:00 innstilt. Frå kl 6.15 er det imidlertid normal drift igjen på sambandet, melder Fjord1

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: På grunn av teknisk feil var turen fra Kvanne kl 06:00 innstilt. Frå kl 6.15 er det imidlertid normal drift igjen på sambandet, melder Fjord1
Siste kløverturen i 2023 gjekk i Toåa tursti i nydeleg vinterver; – minus ti grader, skyfri himmel og snødekt mark.
Les heile sakaTysdag 5. desember kl. 19 inviterar Stangvik Historielag til fintenkjarkveld i Myrvang. Her skal den ferske boka til Lars Steinar Ansnes, «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», presenterast. I tillegg blir det ein del anna triveleg program.
Les heile sakaJula nærmar seg så mykje at Gjertrud har begynt å leite etter den store kassa med julepynt – og ikkje minst mistelteinen ho vil stille seg under før ho ropar på Olaf. Og det er heller ikkje tvil om at «it’s hard to be a nissemann» no. Det kan difor gjera seg med eit pusterom i julestria «and glæm the trouble» for ei lita stund. Travellin’ Strawberries held konsert på Surnadal kulturhus fredag 15. desember kokka 19:00, til ein herleg mix av «The Julekalender», Beatles, godt humør – og sikkert noko lealaus ansiktsmimikk frå Olaf Sand…
Les heile sakaTorsdag 30. november er det «deadline» både for å kjøpe julekalendere og for å være med og bidra med lokale og kortreiste gevinstar til årets julekalender. På biletet på framsida kan du sjå eksempel på gevinstar som alt er komne inn til Trimgruppa, og det er klart at det blir trekt fleire gevinstar kvar dag.
Les heile saka«Vår vei ut. En fortelling om spiseforstyrrelser, skam og håp.» Dette er tittelen på boka som lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad har skrive i lag med dottera Selma.
Les heile sakaFredag 1. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmer seg jul, og ibakeriet er det høg aktivitet og mykje å gjere fram mot jul. For å sikre at alle får det dei vil ha, ønsker dei at så mange som mogleg førehandsbestiller bakst dei ønsker å kjøpe på fredag.
Les heile sakaKløvertursesongen blir avslutta med tur i Toåa tursti måndag 27. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaSiste laurdagen i november var det siste Fredrikkekaffeen i 2023 i Sanitetshuset.
Les heile sakaLaurdag er det sal av TIL trimgruppas julekalender på Matkroken Todalen. Torill og Sissel rapporterer at salet går strykande, og «alle » som er innom kjøper kalendere. Og det blir da litt av eit lotteri, for det er alt kome inn masse gevinstar, som sikrar at det blir fleire gevinstar som blir trekt ut kvar dag frå 1. desember og til julaftan 24. desember når hovudgevinsten blir trekt.
Les heile sakaTodalen Mjølk, som er ansvarleg for brøyting i Pilskarvegen, melder att kantsteinane som markerer maksimumsbredde på kjørty som skal passere brua er flytta på grunn av brøytinga. Dei poengterer at skiltinga med maksimal bredde og maksimal totalvekt gjeld framleis.
Les heile sakaPlutseleg er brøytesesongen i gang – ein forsmak fikk vi torsdag, men i løpet av natt til fredag så kom det 10-15 cm tung og blaut snø. Dermed var det full fart på traktorane til Todalen Mjølk, so har brøytinga både på fylkelsvegane, kommunale vegar og mange private vegar.
Les heile saka