Eldremiddagen som blir arrangert kva onsdag utanom ferie og høgtid fekk i dag besøk av ordførar Mons Otnes og rådmann Geir Vikan. Martinus Torvik, som innleia til måltidet takka for besøket og var glad for at dei fekk regelmessige besøk frå kommunen.
Les heile saka
Førstkommande søndag kl 13 inviterer Todalen Historielag til vandring av den gamle bygdavegen frå Brannstasjonen (den gamle) til Ansneset, også ved navn Gjeilvegen. Her vil turen gå ovanfor Halsetgardane, over Todalsøra og Nessahaugen til Hyllnesbukta. Der blir det snuing, før turen går om Todalsøra til slutt.
Les heile saka
Vi har fått e-post frå Jon Bruset. Han har registrert maximum og minimumstemperatur heilt sidan nittitalet, og har oversikt over vårlege frostnetter i denne perioden. Han skriv at våren 2010 slett ikkje er den verste:
Les heile saka
Pinsegudstenesta i Stangvik kyrkje samla fullt hus 1. pinsedag. Pinsegudstenesta var ein del av Vårsøgprogrammet, og det kom folk sjøvegen både frå Bøfjorden, Hamnes og frå Nordvik. I tillegg var folk oppmoda om å stille i gamel klestil, gamle bilar og det var til og med hesteskyss til kyrkja denne dagen.
Les heile saka
Ei røye hadde teke turen til Fellesfjøset på ettermiddagen i dag. Sikre kjelder meinte ho truleg var ute etter ein høveleg make der. Etter alt å døme var det ingen ting i vegen med ho, fysisk i allefall
Les heile saka
Fredag 21.mai fekk vi besøk av politibetjent Tor Kvande Hansen i midttimen. Han tok opp aktuelle tema med elevane som trygg og god bruk av intenett.
Etterpå var emnet sikkerheit i trafikken. Bilbelte må brukast alltid både i buss og privatbilar. Alt som er laust i bilen, får stor kraft ved bråstopp.
Eksempel: ei halvlitersflaske med brus – vekt 0,5 kg – treffer med ei kraft på 26,5 kg ved bråstopp i 50 km/t.
Les heile saka
Med geitelokken Karamello etter John Røen opna Unni Boksasp Ensemble konserten ”Tonar i Blomsterland” i Svinviks arboret laurdag ettermiddag. Da Borghild B. Talgø kunne ønske velkomen, hadde eit hundretals publikum hadde funne vegen til arboretet tiltross for at det låg litt regn i lufta. Og dei som møtte opp fekk jammen full valuta for pengane.
Les heile saka
Kyrkjebladet for Indre Nordmøre sitt pinsenummer kom ikkje fram til pinse, og vi har difor fått høve til å leggja det ut her på Todalen.no. Du finn og tidlegare utgåver av kyrkjebladet på Rindal sokn sine sider.
Last ned pinenummeret av Kyrkjebladet for Indre Nordmøre
Eit av programinnslaga på Kleivakvelden fredag var opplesing av eigne dikt med elevar fra 6. klasse. Ein av dei som vart uttekne til å delta var Tore Talgø Roaldset fra Todalen oppvekstsenter. han hadde skrevet om «Poteten som ville bli poet». Diktet lyder slik:
Les heile saka
I Øyalia er det stordrift med granhogging denne veka. Det er Solli Skog frå Surnadal som har «gått laus» på eit av granfelta til Ståle Ansnes oppi Øyalia. Til saman skal det hoggast rundt 1000 kubikk gran, og det går fort unna med ei stor hogstmaskin og to lastbærarar. Martin Solli hos Solli Skog fortel at dei hogg 150-200 kubikk pr dag og da er dette prosjektet jobb for ei stor veke.
Les heile saka
Fleire har vel fått med seg sterk røykutvikling rundt Husby i går kveld. Det kom seg av at det lokale brannvesnet hadde brannøving. Dei held til i Pestua, der dei i kontrollerte former tennte på ei arbeidsbrakke. Den ved sia av skulle dei «berge».
Les heile saka
Neste uke vil Todalen Oppvekstsenter få besøk av Aktiv med astma-kampanjen til Astma- og Allergiforbundet. Aktiv med astma-kampanjen besøker 25 forskjellige skoler mellom 19. mai og 8. juni, hvor Øye og Todalen er destinasjonene i Surnadal.
Les heile saka