Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Konfirmasjonsfest med jubilantar

Konfirmasjonsfest med jubilantar

Jon Olav Ørsal Sundag 3. oktober 2010

Eit trettitals gjestar deltok på konfirmasjonsfesta som Todalen sokneråd arrangerte i Ungdomshuset laurdag kveld. Spesielt ivitert var dei fem konfirmantane fra 1960 som i år kan feire 50-årsjubileum. Dei hadde kome frå fjern og nær for å ta del i festa og for å treffast og hente fram gamle minne frå konfirmasjonstida. På menyen stod det både fårikål og forskjelling slags underhaldning.

I løpte av kvelden var det både diktlesing, andakt og mykje song og musikk. Borghild Talgø og Bernt Bøe ga oss smakebitar frå den nye Fjordkabareten og frå Seterkabareten, medan Bernt Venås utfordra forsamliga i Todalsquiz. Der var det spørsmål både fra geografi, politikk, kyrkjehistorie og diverse anna.

Sjefskokken Jon Olav Roaldset fekk skryt for fårikålen han hadde laga. Om det var laga av lam frå Kvennsetdalen, Romådalen eller frå fjella på sørsida av Todalen veit vi ikkje, men smaka godt gjorde det i alle fall. På tampen var det trekkjing av lynlotteriet, før Ivar Ness runda av med å takke for invitasjonen frå jubileumskonfirmantane.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå frå konfirmasjonsfesta.      Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. oktober 2010, 00:30