Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På opplæring

På opplæring

Elinor Bolme Laurdag 2. oktober 2010

I dag var 11 damer samla i Sanitetshuset på sesongens første strikkekaffe. -Her va det jaggu meg stilt, sa Sissel Kalseth Heimlund da ho så all snarast var innom for ein kaffekopp. Men det varte nødvendigvis ikkje så alt for lenge.

Anne Hjørdis Telstad var oppmøtt for aller første gong, med det mål å lære seg å strikke. Og med god hjelp frå dei andre, og særleg Jorunn Ness, vart ho bitt av strikkebasillen då ho fann ut at ho lett mestra det!

Neste gong det blir strikkekaffe vart sett til 30. oktober. Da kan det og hende at det vil bli instruksjon i hakking, for den som er interessert i å læra seg den teknikken.

Publisert: 2. oktober 2010, 17:56