Det går vel ikkje an å seie at undomshuset var fyllt til trengsel på Solfesta laurdag, men dei førtitals gjestane som deltok var godt nøgd. Og dei kosa seg med god mat og fin musikk, men hadde nok spist seg alt for mette til å få skikkeleg sving på dansen.
Med Todalen idrettslag som arrangør og Todalen kokkelaug (dei som hadde vore på HammerStuene på kokkekurs i vinter) som gjestekokkar vart det ein kulinarisk kveld i Ungdomshuset. Kokkane, med kjøkkensjef Håvard Halset i spissen, fekk mykje skryt for maten.
Les heile saka
Fredag 5.3. er det klart for ny landbrukskonferanse. Det er Surnadal Sparebank som er arrangør, sammen med Surnadal kommune, Surnadal Bondelag og Todalen Bondelag.
Les heile saka
Skigruppa i Todalen IL arrangerte sonerenn i klassisk stil ved skulen i går. Godt og vel 40 ungar stilte til start i eit strålande solskinn. Da kan det nemnast at dominansen var utanfrå Todalen denne gongen. Mykje folk som fekk sjå Todalen frå si beste side i dag.
Les heile saka
Her finn du resultatlista for sonerennet i Todalen i dag, 27. februar 2010. Totalt var det 46 deltakarar.
Les heile saka
Vi har opplevd ein unormal kald vinter, der temperaturane over lang tid har vore låge når ein samenliknar med dei siste vintrane. Jon Bruset har i over 20 år registrert minimums- og maksimumsteperaturane heime på Småhjellå. Vi har fått e-post frå Jon, der han skriv om registreringane han har gjort, og han skriv: «Dei fleste […]
Les heile saka
Fredag kveld var det premiere for russerevyen «Russ 10 Eventyrland», og det var underhalding av ypperste klasse. Imponerande er vel kanskje det rette ordet for å beskrive revyen. Mest imponert var dansinga og songen, men heile forestillinga var fornøyeleg og god underhaldning som kan anbefales.
Tre av aktørane i revyen er frå Todalen. Det er Jan Vidar Øyen, Ingvild Stensby og Eirik Halle, som alle gjorde ein fin jobb på scena.
Les heile saka
Fredag formiddag var dei aller minste i bygda samla i Sanitetshuset for småbarnssong. Det var soknerådet som etter initiativ frå diakon Gry N Ebbesen som stod for arrangementet. Fem mødre med tilsaman 7 born møtte fram.
Les heile saka
Det er stor aktivitet i historielaget for tida, fortel ledar Maren Ansnes. Det er no årsmøtetid, og torsdag 4. mars kl 19.30 har laget årsmøte i Todalen Ungdomshus. Forutan vanlege årsmøtesaker vil det bli eit interessant kåseri med Bernt Bøe, og ein presentasjon og demonstrasjon av den nye internettsatsing www.kulturminneatlas.no.
Les heile saka
Fredag har Nils Øyen sin siste arbeidsdag på Talgø Møbelfabrikk i Todalen. Med det er ein lang arbeidsdag over, og Nils blir såkalla AFP-pensjonist. Torsdag var det på tampen av dagen arrangert avskjedlag med kaffe og blautkake for alle ansatte ved fabrikken, og sjølvsagt gåver og blomster til Nils.
Les heile saka
På Driva.no kan vi lese at redaksjonssjef Sigmund Tjelle er tilsatt som ny redaktør etter Ole Petter Pedersen som no forlet redaktørjobben i Driva for å bli redaktør i Kommunal Rapport. Sigmund Tjelle er nok godt kjent i lesarkretsen etter mange år i Driva, dei 10 siste åra som redaksjonssjef.
Les heile saka
Billettsalget til solfesta i Ungdomshuset laurdag 27. februar pågår enno. Siste frist for å kjøpa billett utsett til fredag 26. februar.
Les heile saka
Todalen I.L. er i full gang med planlegging av Todalsdagen. I år som i fjor er det Bjørn Hauglann som er stemnets general, og han seier at Todalsdagen 2010 skal bli ei stor fotballfest for dei yngste.
Les heile saka