Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lokalt VM, med internasjonal deltaking.

Lokalt VM, med internasjonal deltaking.

Britt Mossing Tysdag 22. februar 2011

Alle elevane på Todalen skule var måndag 21. februar bedne til Stangvikskulen på VM-dag. Det vart konkurrert i øvingane hopp med flaske og curling. Trass lite trening gjekk det utruleg bra for laga frå Todalen som stilte som deltakarar frå Canada, Tyskland og Sverige. Dei møtte deltakarar frå USA, Russland, Frankrike, Finland og Noreg. 
 
Første øving var hopprennet. Her var det flaskar i alle fasongar, men julebrusflaska flaug lengst,  og litt uvant for dei fleste var det Sverige som gjekk av med seieren føre Tyskland og med Noreg på tredje plass. Før neste øving var det pølsestasjon med påfyll av mat og drikke. Deretter sto nye lag klar til dyst ved curlingbanen. Her var det lurt å vere lett på handa, og det vart mange rundar før gullmedaljen til slutt gjekk til Tyskland.
 
Som i alle store meisterskap var det seierseremoni med utdeling av medaljar og  speling av nasjonalsongen til vinnaren.

Alle foto: Britt Mossing

Publisert: 22. februar 2011, 22:18