Endelig er juryen klar med tipperesultata frå VM-tippinga vi arrangerte før Fotball-VM 2010. Det var 15 deltakarar i tippinga, og alle vart nok overrumpla av Spania som overraskande gikk til topps i Sør-Afrika. Det var ingen som hadde tippa at Spania skulle gåt til topps. Ein av tipparane hadde Nederland på andreplass, medan to hadde tippa tyskland på 3.-plass.
Les heile saka
For Jan Eilert Pedersen vart turen til Holmen litt annleis enn han hadde tenkt. På Holmen fann han eit ærfuglegg i fjæra. Det hadde kome ut av reiret og var kaldt, og han tok det med heim. Han la egget på det oppvarma badgolvet, og snart vart det liv i leiren. Les meir om dette på Driva.no og i papirutgåva av dagens Driva.
Les heile saka
Eit besøk til Nauståfossen er eit tips for ein fin dagstur. Bilveg fram til Kårvatn der det er stor parkeringsplass med gratis parkering og ein halvtimes fottur etter veg og sti fram til Nauståfossen. Hugs å ta med litt solide sko, f.eks. fjellsko eller solide joggesko. På Kårvatn kan du også besøke den nye butikken på låven. Kårvatn Fjellutstyr er verd eit syn i seg sjølv, men du kan også få kjøpt mange slags sportsutstyr her.
Les heile saka
Det endelege programmet for Stangvikfestivalen er klart. Som tidlegare meldt på Todalen.no startar programmet på Pakkhuset kro med forspel. Det skjer torsdag 29. juli og forestillinga startar kl 20.00.
Stangvikfestivalen varer fram til søndag 1. august da den avsluttar med «Duell på kyrkjebakken».
Les heile saka
Ingri Bruset har merka seg at Trollheimsporten har omtala digre toller både i Vindøldalen og på Osmarka i Gjemnes. Det er også store toller i Todalen, som desse bileta frå Gjeldnes viser.
Les heile saka
Søndag var det stor deltaking på museumsdagen på Åsen. Aktivitetsdagen som Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerte i fellesskap vart ein susksess, fortel ledar i Todalen historielag Maren Ansnes. 160 store og små møtte opp for å ta del i arrangementet og proffesor Eir Grytli samla 80-90 tilhørarar til foredraget om trønderlånnas historie. Elles var det utstilling og demonstrasjon av gamle motorar, mopedar og traktorar.
Les heile saka
I mange jobbar krevst det tøffe avgjørelsar. Ein av dei jobbane er dei som har vedlikehaldet på vegane våre. Ein dag eg var på tur på arbeid vart eg ståande å vente ved Brusetbrua, fordi det var ein som dreiv å fylte att hola i skøyten på brua. Tenkte ikkje så mykje over det der og då, men på tur heimatt vart eg påminna igjen.
Les heile saka
Råssåfoss Kraftverk vil opplyse om at det er forbudt og farlig å bade i inntaksdammen til kraftverket i Råssåa.
Torsdag var klart for første kveld i serien av trim-fotballkamper, og selv med litt vind var det fin temperatur for fotball. Med seksten spillere, ble banen utvidet til halvparten av Bordholmen-matta, som nok også var en fordel med tanke på vinden.
Les heile saka
Da har dommen landa. Eigedomsskatten. Kva skal ein seia? Nøgd? Tja, ei sak har som kjent to sider, og den eine seier seg nøgd med at eg faktisk bur i beste villastrøket i Todalen. Den andre sida lurar på kvifor i all verda naboen ikkje gjer det?
Les heile saka
Todalshytta er godt i gang med denne sesongen, og det er mykje besøk på onsdagane når det er Smårettskveld.
Les heile saka
På Gammelfabrikken det vore travelde dei siste par vekene medan fabrikkutsalget har pågått. No er det innspurt mot siste salgsdag som er laurdag 17. juli, så dersom du vil nytte feriepengane til ein godbit frå møbelsalget så hastar det! Fabrikkutsalget av møblar foregår som sagt på Gammelfabrikken i Brusetmarka, og konsernsjef Terje Talgø er godt nøgd med salget, men reknar med ein formiddabel innsport på dei siste par dagane.
Les heile saka