Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juleavslutning vel i hamn

Juleavslutning vel i hamn

Elinor Bolme Måndag 20. desember 2010

Nok ein gong imponerte ungane ved Todalen Oppvekstsenter då dei i kveld inviterte til juleavslutning på skulen. Ungane ved skulen starta med allsong, før dei klassevis etterpå framførte sine innøvde nummer.

Her var det mykje fin julesong som vart framført. Attåt tende dei lys, las julevers og dramatiserte blandt anna musevisa.

Også barnehagen hadde sin del av programmet, og song det dei var gode for, til stor fornøyelse for tilhøyrarane.

Etterpå vart det kaffeservering før det vart gong rundt juletreet. Og heilt til slutt dukka også nissen opp, som seg hør g bør på slike arrangement.

Under er eit lite knippe bilder frå arrangementet. Alle foto :Elinor Bolme

Publisert: 20. desember 2010, 22:38