Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lykken er en venn….

Lykken er en venn….

Elinor Bolme Torsdag 23. desember 2010

…når uhellet er ute! Anders A Karlsen måtte i dag få assistanse av Håvard Halset då han vart ute for eit hendig uhell innafor Brusethaugen. Der hadde han møtt ei mørk stasjonsvogn som tok litt vel stor plass på vegen. Den møtande bilen held på ingen måte bilen på sia si, noko som gjorde at Anders landa fint i grøfta for å unngå å bli påkjøyrd. Også bilen som kom eit stykke etter Anders opplevde den same bilisten som litt «romstor».

Kan forøvrig nemna at stasjonsvogna ikkje var tilhøyrande i Todalen. Ikkje stoppa den heller, då uhellet var eit faktum.

Publisert: 23. desember 2010, 15:48