Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juletreff – 5. juledag

Juletreff – 5. juledag

Jon Olav Ørsal Sundag 19. desember 2010

Dei siste åra har Surnadal Sparebanke invitert til juletreff for både «innfødde» og utflytta sambygdingar. Det skjer i år også – denne gongen er arrangementet lagt til Vårsøg hotell. Banken ønskjer med Juletreffet å bidra til marknadsføring av kommunen vår både heime og ute, ikkje minst er det viktig at dei som bur andre stader i landet er gode ambassadørar for kommunen. Dei håpar difor at du setter av eit par timar onsdag 29. desember (5. juledag kl 15.00), og tek turen innom ”nye” Vårsøg Hotell og blir med på Juletreffet.

Arrangementet er ope for alle, om du bur i kommunen eller er heime på juleferie, ung eller gammal. Arrangøren  ønskjer også at flest muleg frå lokalt næringsliv, skule, offentlege etatar og politikarar stiller opp.  Sjå plakaten med programmet her.

På Juletreffet vil du treffe mange ”ungdommar i alle aldrar” med interesse og entusiasme for bygda og kommunen vår. Her får du heilt sikkert nyttige idear og innspel om korleis Surnadal kan utviklast til eit enda meir attraktiv stad som bustad eller feriemål. Eller kanskje du kan væra så heldig å treffe framtidige medarbeidarar til bedrifta di?

Meld deg på Juletreffet via heimesida til  Surnadal Sparebank

Publisert: 19. desember 2010, 12:07