Neste helg er det Laksefestival som presenterer eit rikhaldig program for ein kvar smak. Ein av programpostane under festivalen er Surnakveld med fagseminar som startar torsdag 24. juni kl. 1600. Det foregår i Svorkasalen på kulturhuset, og dei kan by på mange spanandende tema for politikarar, forvaltere, brukarar og interesserte elveentusiastar.
Les heile sakaAvlyst tur til Vorpnesset
På grunn av dårlig vær; avlyser Start 4H overnattingsturen til Vorpnesset i helgen. Vi skal alikevel arrangere overnattingstur til Vorpnesset senere i sommer, og satser da på bedre vær.

Todalslaget til energikampen.
Også Todalen Oppvekstsenter er representert i årets utgave av energikampen som går av stabelen under Norsk Laksefestival neste helg.
Les heile saka
G14 spela uavgjort mot CFK
For bare 3 uker siden tapte vi 0-4 mot CFK på bortebane i kvalifiseringsspillet, og vi hadde sånn sett en del å revansjere i gårdagens kamp. Før kampen var vi enig om at det aller viktigste var å heve innsatsen et par hakk, og samtidig forbedre den spillemessige prestasjonen ute på banen.
Les heile saka
Dugnad i oppvekstsentret
Det er no 20 år sidan uteområdet rundt barnehagen vart etablert, og onsdag kveld var det storstila dugnadsopplegg for å ordne opp og oppgradere anlegget litt. Det vart saga ned busker og greiner rundt plassen og plankane rundt sandkassane vart skifta ut med impregnert. Det vart raka og kosta, slik at det vart både ryddig og fint rundt anlegget. Enkelte av lekeapparata trong reparasjon og bade store og små dugnadarbeiarar var travelt engasjert.
Les heile saka
Norway Cup motstandere er klare.
Puljeinndelingen i Norway Cup er nå klar, og Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G14 er satt opp i pulje 15 i klasse C, der vi skal møte Geilo (Buskerud), Langhus (Oslo) og Inneres Ennstal Gaflenz (regionlag fra Østerrike).
Les heile saka
Siloslåtten er igang…
Med finvêret kom siloslåtten igang. Det kalde og fuktige vêret vi har hatt den siste tida har gjeve god grasvokster, og no er tida inne for å starte slåtten. På Kvennset hos Olaug Kvendset var to traktorar i sving med ballpressing og ballpakking i tysdag kveld. Tidlegare på dagen hadde slåmaskina vore i sving.
Les heile saka
Klart for skyteprøve
Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til storviltjakta måndag 28. juni. Vidare utover sommaren blir det 8 måndagskveldar med skyting på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Alle kveldane startar skytinga kl 18.00, og varer til kl 20.00.
Les heile saka
Todalshytta er opna!
Tysdag 15. juni opna Todalshytta for ny sesong. Det er Åse Grydeland Øyen som er vertinne, og ho fortel at det no er ope kvar dag mellom kl 10 – 22 fram til 31. august. Ho har allerede tjuvstarta litt, og har hatt ope for laksefiskarar etter avtale. Åse går rett på sak og arrangerer bailldag allerede første dagen. Det er populær kost, og ho ventar stort innrykk av bygdefolk og andre som vil ha eit realt baillmåltid.
Les heile saka
Spreke karar.
No utover er det full rulle for dei som driv med fotball. Serien tar snart ferie, men cupane rullar jamt over heile sommaren. I går var det Silregncup på Syltøran stadion, og i den anledning var det nokre karar frå Todalen som også var i aksjon.
Les heile saka
Farra fjor’n, nok ein suksess.
Todalen.no rekk desverre ikkje vera med på alt som foregår i dei levande bygdene, difor lyt vi alliera oss med andre i enkelte høve. I den anledning guidar vi dykk vidare til http://www.alvundfjord.no for å sjå bileter etter arrangementet «Farra fjor’n» som var arrangert i går.
Les heile saka
Full flor i arboretet
Det er sein vår i arboretet i år, men no er det endeleg «full flor» seier Dordi Kjersti Mogstad i Svinsviks arboret. Har du lyst til å sjå blomstringa i arboretet når den er på topp, så bør du ikkje vente for lenge. Sommarvarmen dei siste dagane har sett fart på blomstringa og det er både rododendron og mange andre sortar som viser seg i sin finaste stas.
Les heile saka