Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rydding til 17.mai

Rydding til 17.mai

Britt Mossing Fredag 14. mai 2010

Onsdag var det dugnad på oppvekstsentret. Alle barna på skulen og i barnehagen var ute og rydda og plukka søppel. Dei største var heilt ned til kyrkja, og dei fann litt av kvart langs vegkantane. Dei prøvde og fiskelykka, da dei såg ein fisk i bekken, men dessverre var den av plast.

Les heile saka

Trur på vekst

Trur på vekst

Jon Olav Ørsal Fredag 14. mai 2010

I onsdagsavisa til Driva var det eit omfattande intervju med konsernsjef Terje Talgø, der han gjev uttrykk for at han har tru på framtida og at den skal gje rom for ny vekst for Talgø-konsernet. Han trur det blir behov for fleire tilsette etter kvart og at furua etter kvart kjem att i ei eller anna form. Han lettar også litt på sløret når det gjeld Todalsparken.

Les heile saka

Bjørnen over fjellet

Bjørnen over fjellet

Jon Olav Ørsal Fredag 14. mai 2010

Frå Gudmund Kårvatn har vi fått opplysningar som tyder på at bjørnen har passert kommunegrensa og er komen over til Sunndal eller Oppdal. Det er observert bjørnespor ved Meskaret som ser ut til å kome frå Innerdalen. Spora gikk nedover lia mot Meskardvatnet og vidare mot Bjønnhjellan og Ottdalen. Så da tyder det på at bjørnevisitten i Todalen er over for denne gongen.

Les heile saka

Fin konfirmasjonsdag

Fin konfirmasjonsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. mai 2010

Todalen kyrkje var fylt til siste plass under konfirmasjonsgudstenesta på Kristi himmelfartsdag. Det fine vêret sette ein ekstra spiss på denne fine festdagen for dei 8 todalsungdomane som vart konfirmert i år. Det var sokneprest Bernt Venås som heldt gudstenesta, medan Ildri Sjøland Øyen var klokkar og Bernt Bøe var organist. Vi i Todalen.no gratulerer så mykje!

Les heile saka

Tap for G14 laget

Tap for G14 laget

Knut Haugen, IL Søya Torsdag 13. mai 2010

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen gikk ut på Søyabanen i håp om kunne ryste Sunndal i starten, med agressivt spill og dermed hindre det sikre pasningsspillet vi vet sunndalingene er så gode på. Dette lykkes delvis i åpningsminuttene, men allerede etter 8 minutters spill tok Sunndal likevel ledelsen ved Erik Rotlid. Og i kampens 13. minutt fikk Sindre Ulfsnes Sæther drømmetreff på et langskudd som gikk i bue over vår gode keeper Markus Nerdal Søraas, og dermed stod det 0-2. Og når Sunndal gikk opp til 3-0 (der en av våre forsvarere var sist på ballen) så det ikke særlig lyst med tanke på poeng.

Les heile saka

Vellukka dugnad

Vellukka dugnad

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. mai 2010

Måndag kveld var det dugnad på kyrkjegarden for å ordne og rydde til konfirmasjonen og 17. mai. Riktig bra frammøte gjorde at dugnaden var fort unnagjort, og jeg er imponert over dugnadsånda i Todalen, sa vaktmester Alf Faksnes som leda arbeidet sammen med soknerådsledar Ildri S. Øyen. Denne kvelden vart det retta opp støtter og ryddet etter ein lang og kald vinter.

Les heile saka

Prosjektleder søkes til Trollheimen – ledig stilling

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. mai 2010

Har du lyst til å jobbe med et av Norges flotteste naturområder? I forbindelse med oppstart av et treårige naturbasert utviklingsprosjektet knyttet til Trollheimen landskapsvernområde og randsonen, søkes det etter prosjektleder. Prosjektet er initiert av Blilyst og er basert på et interkommunalt samarbeid mellom alle kommuner som har tilknytning Trollheimen.

Les heile saka

Skadeverk på gammelskulen

Skadeverk på gammelskulen

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2010

I løpet av helga har det vore utøvd hærverk/ruteknusing på Gammelskulen. Skadeverket er av såpass alvorlig karakter at kommunens folk tok kontakt med politiet for å få hjelp til oppklaring av forholdet har vi fått opplyst. Skadeverket har i hovedsak skjedd i den delen av bygget som er disponert av Halsesamlinga.

Les heile saka

17.mai-programmet klart

17.mai-programmet klart

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2010

Programmet for feiringa av nasjonaldagen er no klart. Mykje av programmet har nok stor likhet med tidlegare års opplegg, men det skjer da og så nokre endringar. Den viktigaste endringa er at det i år blir eitt folketog, og det kjem til å gå frå kyrkja og oppi skulen. Her kjem Todalen musikkkorps (eit mobilisert veterankorps) til å sørge for hornmusikken. Berit Storholt Flåtten frå Rindal skal halde tale for dagen.

Les heile saka

Sesongopning i arboretet

Sesongopning i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2010

Den lange og kalde vinteren har i år forsinka våren og blomstringa i Svinviks arboret. Laurdag var det offisiell opning i Svinvika, men Rododendron let oss vente enda et par veker før den kjem i full flor. Det har gjort at vi har teke ein mjuk start i år, seier Dordi Kjersti Mogstad som fagleg ansvarleg og avdelingsledar med ansvar både for arboretet, Kleiva og Museet på Åsen.

Les heile saka

Tur til utpost i gamle Stangvik

Tur til utpost i gamle Stangvik

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2010

Jon Bruset har vore på tur til Trodalen som var ein del av gamle Stangvik kommune. Trodalen ligg mellom Flesa og Bøkleppen, og på kartet er både Flesa, Trodalen og Bøkleppen merka med rødt. Jon Bruset skriv:

Les heile saka

Konfirmasjon i Todalen kyrkje

Konfirmasjon i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 9. mai 2010

Torsdag 13. mai kl 14.00 (Kristi himmefartsdag) er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det er i år 8 konfirmantar som skal konfirmeres, eit uvanleg stort kull. Det er takkoffer til Kirkens bymisjon denne dagen. Alle er velkomne!

Les heile saka