Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lamminga i gang

Lamminga i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2011

Sauebøndene går ei travel tid i møte. Lamminga er noe i gang, og da er det ofte aktivitet i smalastallen både dag og natt ei tid framover. Hos Gudmund Kvendset i Viastua kom dei første lamma for eit par dagar sia, og no blir det lamming på løpande band ei månads tid, seier Gudmund Kvendset til Todalen.no.  Gudmund har knappe førti lamsauer, og det er nærast ein hobby i tillegg til mjølkeproduksjon som er hovudnæringa i Viastua.

Gudmund er interessaert i sau, og tykkjer det er artig å halde på med sauene. Han er medlem i Surnadal spelværring, og følgjer avlsarbeidet der med stor interesse. Dei kontrollerer vekt både ved fødsel, når dei sleppes til fjells og når dei kjem att frå fjellet. Når ein måler tilvekst gjennom sesongen kan ein plukke ut dei som har dei beste eigenskapane, og kan avle vidare på disse.

Men først skal resten av lamma kome til verden og det blir nok mang ei vakarnatt ein månads tid framover seier Gudmund Kvendset.

Publisert: 10. april 2011, 18:00