Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skulejubileum vel i hamn

Skulejubileum vel i hamn

Elinor Bolme Sundag 10. april 2011

Både gymsal og klasserom var dekorert til fest då Todalen skule og barnehage, feira sine runde tal i går. Barnehagen sine 20 og skulen sine 90. Rundt om heile 1. etasje var det utsillingar frå ulike tidsepokar. I gymsalen var det blandt anna ein heil vegg med gamle skulebilete, der mange brukte tida godt for å sjå etter kjentfolk.

Skuleungane hadde også denne gongen ordna med underhaldning, både songar, diktlesning og skulehistoria i form av stand-up. Ellers vart vi losa gjennom dei viktigaste hendingane i skulen si historie frå ulike perspektiv; Tor Holten hadde fått i oppdrag å lesa helsinga frå Olav Kvendset, Jon Husby fortalde om sin første skuledag, Maren Ansnes om dei svinharde snøballane til Nils Øyen, medan den yngre garde tok fram alle turane dei hadde fått teke del på, blandt anna.  Og dei alle var vel jamt over enige om at dei hadde hatt ei fin barne og ungdomstid dei åra dei hadde gått på skulen. Til slutt vart det og minna på at på dagen for 71 sia, vart ungane ved skulen sendt heim fordi krigen starta.  

Surnadal kommune var representert ved Lars Polden, og han oppsumerte Todalen skule med nærast berre eitt ord; kultursenter. For opp i gjennom åra har mange kulturelle personlegheiter vorte forma her. I dag er Todalen ei av dei mest internasjonale grendene i kommunen, noko arrangørane også hadde markert på globusen, heile 12 ulike flagg var representert.

Kaffe og kaker vart servert i pausen, og då det vart att litt kaker blir dei å finne på Hals under kioskope i dag frå 16-18 kan Turid Sæther fortelja. Ho takkar samstundes for det store innkome på loddsalet; 16000 kr.

Under er eit utvalg av bilder frå feiringa. Alle foto: Elinor Bolme

Publisert: 10. april 2011, 09:33