Ein liten annonse for rømmegrautservering på Buret i Bøfjorden pirra nysgjerrigheta til å ta ein tur utover sist laurdag. Etter ein biltur på ca 55 km frå Todalen var vi framme i Bøfjorden, og Buret vart lokalisert like ved brua som går over på Bølandet. Her har todalingen Hallvard Brusethaug og kona Liv Berit innreia […]
Les heile saka
Tippekonkurransen på ICA Todalen i høve fotball-VM ga 1500 i overskot. Todalen.no fikk denne summen som pengegåve under ein enkel seremoni på kaffekroken fredag. Pengane kjem vel med til drifta av nettsida. Stor takk frå redaksjonen til Terje Nordvik for initiativet!
Les heile saka
Onsdag 11.august kl 18 er det duka for ei heilt spesiell hending i Svinviks arboret – da blir det visning av Edel design – edle, norske designklede – i blomstrande samspel med jazz- og folkemusikkinspirerte tonar frå musikarane i Fjord og fjell.
Les heile saka
Ein ny månad er over, og det er tid for å kåre månadens bilete for juli. Som forrige månad ynskjer vi å få med alle besøkande på stemmegivinga, og vi har plukka ut seks kandidatar frå dagens bilete-bileta i juli. Det biletet som har flest stemmer ved utgangen av tirsdag kveld vil bli kåra til månades bilete for juli.
Les heile saka
I løpet av hausten kjem Surnadal Velværesenter, medlem av todalen.no, med fleire spanende tilbud. Eit av desse er ryggskulekurs med naprapat Micke Dahlgren.
Les heile saka
Norsk Vandrefestival ønsker ALLE velkommen til åpningsdagen på Kårvatn tirsdag 10. august! Det blir en flott dag med aktiviteter for både barn og voksne! Program fra kl 13:30 til langt inn i augustnatta.
Stikk innom – eller slå deg til hele dagen, alene, eller sammen med venner og familie!
Les heile saka
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen var sikra plass i 1/8-finalen etter at laget vann kampen mot Klæbu torsdag morgon. Det var Ørjan Nes Haugen som sørga for begge måla, der det siste målet kom etter ein straffe. Ein velfortjent seier, skriv Knut Haugen i ein SMS til Todalen.no. På ettermiddagen gikk 1/8-finalen mot Vålerenga på Ekebergsletta. Da møtte laget sine overmenn, og kampen enda med tap på 5-0. Vålerenga var eit veldig godt lag, og der var vi utan sjanse, ifølge Haugen. Vi vil imidlertid gratulere laget med ein imponerande innsats i Norway Cup.
På Pakkhuset Kro er det laurdag kveld siste sjanse for sommar-pub for i år. Pakkhuset kro held ope frå kl 21 og utover. Laurdag er det Håvard Halset og Synnøve Helland som er vertskap.
Det vart seier mot Bjørkelangen! I dagens kamp mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Bjørkelangen vart resultatet 2-0. Tore Kvande og Per Sindre Ulvund sørga for kvart sitt mål i ein kamp som enda med ein velfortjent seier. Det kom eit mål i kvar omgang. Motstandar i 16-delsfinalen blir Klæbu, som dei skal møte torsdag morgon kl 08:00. Jentelaget til Kvass / Ulvungen har også gjort det veldig bra. I dag vann de 2-1 mot Florø 2, og dermed er dei klare for 8-delsfinale mot Håkvik onsdag kveld.Todalingen Lena Rovik er med på laget til Kvass/Ulvungen.
Les heile saka
Da er neste blogger klar her på todalen.no. Feriemodus har gjort oss litt forsinka, men håper de ber over oss med di. Nok ein gong hamna vi i Trondheim, men trur ikkje vi skal dit neste gong….
Les heile saka
I «iltelegram» frå Norway Cup har vi fått melding om at Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen slo Langhus 1-0, og går dermed til 1/32-finale. Det var ein spanande kamp med mange sjansar til begge lag, der heile gjengen ytte maksimalt. Ørjan Nes haugen scora på langskot fra ca 25 meter i første omgangen. Det er no klart at neste kamp blir mot Bjørkelangen. Den kampen går onsdag 4. august kl 14:30 på Ekeberg 3. Sjå fleire lokale resultat på Trollheimsporten.no
For den som har lurt på kva slags monstrum som vart tranportert oppover bygda i forrige veke, kan vi avsløre at det var eit stort knusverk som var på veg til sandtaket i Sandbakkan på Talgø gård.
Det er Finn Talgø og Per Gjeldnes som har leid inn firma Ola Raaen frå Hegra i Stjørdal til å lage 5000 tonn med knusagrus. Den jobben er unnagjort på 5 dagar, kunne Geir Raaen fortelje. Da Todalen.no var innom måndag var dei klare til å starte produksjonen.
Les heile saka