Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kleivakvelden unnagjort

Kleivakvelden unnagjort

Elinor Bolme Fredag 10. juni 2011

Da er Kleivakvelden 2011 unnagjort, med Dordi Skuggevik Tande som vinnar av årets Kleivapris, og Odd Nordstoga som hovedattraksjon. Men det var slettes ikkje alt; dei frammøtte fekk vera med på ein allsidig kulturkeveld på heimplassen til Hans Hyldbakk. Standarden vart i grunnen satt då Henning Sommaro og John Pål Inderberg ønska velkomne med «E slåttatæja». Jenny Elisabeth Klinge var kveldens konfransier og losa publikumet gjennom arrangementet i lag med Henning som kunstnerisk leiar.

Veret viste seg kanskje ikkje frå si beste side, men skodda letta merkeleg nok då Inga Juuso sette i gang med joikinga. Ho var den eine halvparten av duen «Skaidi», men ho måtte ta framføringa åleine, då Steinar Raknes hadde vorte forhindra av flaumen. Som alltid var det og bidrag frå unge håpefulle lyrikarar frå 1. til 8. klasse. Todalen var her representert ved 2. klassing Erik Kårvatn som sjølv las opp sitt dikt.

Kleivaprisvinnar 2011; Dordi Skuggevik Tande, her omkransa av Henning Sommerro og Pål John Inderberg. Ho fekk prisen blandt anna for sitt arbeide med  boka «Utvandringshistorie frå Nordmøre» som ho gav ut for 25 år sidan.

Vårsøghelga er på langt nær over enda; 10 ulike arrangement i morgon laurdag, medan det på søndag «berre» er 7 i følge programmet. Gå inn på Vårsøghelga for meir utfyllande informasjon.

Publisert: 10. juni 2011, 23:14