Kyrkjebladet for Indre Nordmøre sitt pinsenummer kom ikkje fram til pinse, og vi har difor fått høve til å leggja det ut her på Todalen.no. Du finn og tidlegare utgåver av kyrkjebladet på Rindal sokn sine sider.
Debuterte med eige dikt
Eit av programinnslaga på Kleivakvelden fredag var opplesing av eigne dikt med elevar fra 6. klasse. Ein av dei som vart uttekne til å delta var Tore Talgø Roaldset fra Todalen oppvekstsenter. han hadde skrevet om «Poteten som ville bli poet». Diktet lyder slik:
Les heile sakaEffektiv tømmerhogst i Øyalia
I Øyalia er det stordrift med granhogging denne veka. Det er Solli Skog frå Surnadal som har «gått laus» på eit av granfelta til Ståle Ansnes oppi Øyalia. Til saman skal det hoggast rundt 1000 kubikk gran, og det går fort unna med ei stor hogstmaskin og to lastbærarar. Martin Solli hos Solli Skog fortel at dei hogg 150-200 kubikk pr dag og da er dette prosjektet jobb for ei stor veke.
Les heile sakaIngen røyk utan eld.
Fleire har vel fått med seg sterk røykutvikling rundt Husby i går kveld. Det kom seg av at det lokale brannvesnet hadde brannøving. Dei held til i Pestua, der dei i kontrollerte former tennte på ei arbeidsbrakke. Den ved sia av skulle dei «berge».
Les heile sakaAktiv med astma Tour til Todalen
Neste uke vil Todalen Oppvekstsenter få besøk av Aktiv med astma-kampanjen til Astma- og Allergiforbundet. Aktiv med astma-kampanjen besøker 25 forskjellige skoler mellom 19. mai og 8. juni, hvor Øye og Todalen er destinasjonene i Surnadal.
Les heile sakaBilete frå 17. mai
For store arrangement, feriar og høgtider, vil vi leggje ut ein sak i etterkant med bilete vi får inn. Send difor gjerne inn bilete frå sommarferie, Todalsdag og liknande. Her kjem bileta vi har fått inn etter feiringa av 17. mai.
Les heile sakaVårsøg i Svinviks arboret
Laurdag kl 16.00 skjer det i Svinviks arboret. Da står «Tonar i blomsterland» på programmet. Straumsnesgjeldingen Unni Boksasp og hennar orkester lanserer plate, og byr på rivande og tøffe tolkingar av tradisjonelle songar frå Nordmøre. I tillegg før vi høre Oppdal mannskor med variert repertoar. Billettpris 200,-/100,-
Les heile sakaWalkover betyr ikkje nødvendigvis spillefri…
G14 møtte Sunndal 2 G16 til treningskamp på Leikvoll (Ålvundeidet) onsdag 19. mai.
Begge lagene hadde walkover i serien denne uka, og dermed passet det bra å få en gjennomkjøring.
Da vi møtte et guttelag benyttet vi anledningen til å matche alle de 5 overårige spillerne våre i denne kampen.
Og for anledningen spilte vi 2 x 40 min og brukte 5-er ball (dvs. som i G16-kamper).
Spela inn nydraktene sine.
No i kveld spela G10 Søya/Todalen sin andre seriekamp på Bordholmen. I kveldens kamp møtte dei laget frå Surnadal, og sigeren vart denne gongen i favør til surnadalingane. Dei vann rundt om slik cirka 16-1. Men todalingane hong ikkje med hovuda for det i strålande maisol på den beste grasbanen i mils omkrets
Les heile sakaVårsøghelga – programmet
I pinsehelga er det duka for ny Vårsøghelg. Programmet startar torsdag 20. mai med offisiell opning av Vårsøgutstillinga i kulturhuset, der Elling Reitan er årets Vårsøgkunstner. Vidare er det program kvar dag, fram til søndag 23. mai. Vårsøghelga rundar da av med «Karra og kvinnfolk. Mmm…!» i Storstua på Kulturhuset. Svinviks arboret deltek i årets Vårsøg-program med «Tonar i blomsterland» laurdag 22. mai kl 16.00, der får vi høre straumsnesgjeldingen Unni Boksasp m/orkester og Oppdal mannskor.
Les heile sakaHar du gode bilete frå 17. mai?
Har du artige og gode bilete frå feiringa av nasjonaldagen, så send dem til oss. Vi veit at det blir teke mange bilete på ein slik dag, og vi tenkjer å lage eit fotogalleri der vi viser innsendte bilde frå våre lesarar. Klikk på «Kontakt oss» for å sende bilde og noen ord om kva/kven […]
Les heile sakaFeiringa fortsette …
Feiringa forsette vidare utover dagen. Først med gudsteneste i Todalen kyrkje, vidare vart det blomsterhelsing på bautaen og folketog til skulen. Det var Sokneprest Bernt Venås som heldt preken i kyrkja, der det var eit syttitalls tilhørarar. Inger Johanne Iversen sørga for blomsterhelsing frå Surnadal kommune på minnebautaen på kyrkjebakkan. Folketoget frå kyrkja og opp til skulen hadde i år følge av «Trollheimen janitsjar», eit korps som var nyetablert for høvet.
Les heile saka