Onsdagskveld la 4H det første grunnlaget for den nye fritidsklubben som er planlagt på Bordholmen. Som kjent har 4H eit biljardbord som i mange år har stått bortgøymt. I går kveld vart det teke fram og tørka for støv og står nå klart på Bordholmen.
Les heile saka
Det har vore knytta spenning til vêrmeldingane for søndagens Trollheimsmarsj. I skrivande stund ser dette lovande ut, med solgløtt og 14 varmegrader utpå ettermiddagen på nettsida til Meteorologisk institutt. Med søraustleg vindretning på 2-3 meter i sekundet vert det nok bra tilhøve for turen over fjellet. Du kan halde eit auge med vêrmeldingane for Vardan ved å klikke på linken her.
Jon Bruset har vore på tur til Søyådalen, og har sendt oss ein bildeserie og nokre ord om turen. Han skriv: «På austsida av elva kjem ein først til Holtasetra, der dei heldt på med setringa lengst, til 1956. Like ved ligg Klokkargardssetra der setringa vart avslutta i 1946. Lengst inn på vestsida av elva ligg Mosetra der det var setring til 1937. På denne stølen sto også Øyskogsetra, som er oppattbygd som hytte.
Les heile saka
Laurdag 28. august (12.00-16.00) arrangerer Todalen Historielag og Stangvik Historielag familiedag i Svinvika, hos Gunn Tove og Sven Olav Svinvik. Dei kan by på eit variert program denne dagen, og sjølvsagt vert det høve til å ta både store og små lamaer i nærare øyesyn. Jon Bojer Godal vil orientere om byggeskikkar og bruk av tre i hus og båtar. Godal har allsidig erfaring om dette, mellom anna frå tida han var tilsett på Maihaugen.
Les heile saka
Personen som har vore sakna vart funne på Nordvik. Sjå heimesida til NRK Møre og Romsdal.
Onsdag den 1. september kl 13.00 startar «Eldremiddagen i Todalen» opp etter sommarferien. Kokkar og matrettar vil vera attkjennande og staden er fortsatt Sanitetshuset. Vel møtt til gamle og nye gjester kvar onsdag kl. 13.00 framover hausten, skriv ledar for Eldremiddagen, Martinus Torvik i e-post til Todalen.no
Les heile saka
Laurdag inviterte Surnadal JFF til familiedag på Kårvatn. Aurefiske stod på programmet denne dagen, og med opplegg for grilling ved gapåahuken på Sommarfjøsvollen lågalt til rette for ein vellukka dag. Arrangementet kolliderte imidlertid med Søya Cup som hadde samla alle småtassar i aktuell aldersgruppe til fotballfest, fortel ledar i Kårvatnutvalget Ola Røe. Derfor vart det heller labert oppmøte på familiedagen, men dei som møtte fekk imidlertid full uttelling med juvfiske i Neåa og delvis i øverste delen av Toåa.
Les heile saka
Søya Cup 2010 er vel i hamn og vart eit vellukka arrangement. Det har deltake mange lag, og mykje folk møtte opp som tilskuarar på Søyabanen. God planlegging og dyktige funksjonærar gjorde arrangementet til ei suksessforestilling, med 78 kampar på 7 banar. Værgudane held seg også på arrangørens side, og gjorde dagen til ein festdag med fotball. Les meir på I.L. Søyas nettside, der du også kan sjå kampoppsettet og resultata frå kampane.
For ei veke sidan var veterangruppa frå Tingvoll I.L på tur til Neådalen. Da Tingvoll Gard hadde sauer i Neådalen var dei innhyra til sauleiting gjennom fleire år. Inntekta frå bruka dei for å finansiere tur til Holmenkollstafetten. No var dei attende for å jubilere og mimre på helgatur til Neådalen, der dei denne gongen kosa seg med fiske og kortare turar i området.
Les heile saka
Saniteten har starta på med fotpleie igjen. Første runde er torsdag 9., fredag 10. og måndag 13. september Det foregår som vanleg i Sanitetshuset på Kvennset.
Påmelding til Marit Sanden Søyset, tlf. 71 66 39 28 / 98 03 63 91.
Skulen har starta på igjen, og frå Britt Mossing har vi fått e-post med bilder av alle elevane og dei to nye forsteklassingane. Ho skriv: «Da er det nye skuleåret kome i gang. Elevane møtte opp i strålande solskin torsdag 19.august. Her er elevane samla i hallen, der vi starta som vi slutta med å synge Optimist. I år er det 27 elevar på skulen. I første klasse starta det i år to jenter. Dei var litt spente denne første dagen på korleis det ville bli å gå på skulen».
Les heile saka
NRK har vore på besøk hos Kårvatn Fjellutstyr, som trygt kan seiast å vera ein butikk utanom det vanlege. Tirsdag denne veka vart reportasjen sendt på NRK Møre og Romsdag, og for dei som ikkje fekk sett den, er det muleg å sjå den på NRK Nett-TV. Sendinga for tirsdag finn du her, og reportasjen startar 10:30 ut i sendinga.