I ettermiddag var det lysmesse i Todalen Kyrkje. Her var det ungdomane som skal konfirmerast no til våren som sto for deler av programmet. Dei både las og tende lys denne fyrste søndagen i advent.
Les heile saka
I ettermiddag var det lysmesse i Todalen Kyrkje. Her var det ungdomane som skal konfirmerast no til våren som sto for deler av programmet. Dei både las og tende lys denne fyrste søndagen i advent.
Les heile sakaRedaktørane her på www.todalen.no vil med dette takke for den gjeve utmerkinga vi fekk i går kveld. Vi vart då beæra med Den gyldne patron under Hjortfesta. Det var veldig triveleg, og ikkje minst inspirerande for det vidare arbeidet med sida. Ei side som har vorte til betyding for mange, og då overraskande mange utafor Todalen. Vi fikk seinast forrige veke ein epost frå Tromsø med positive tilbakemeldingar om at sida er flittig bruka, kvar einaste dag, for å halde seg oppdatert om det som foregår i heimbygda.
Les heile sakaLaurdag kveld inviterte Todalen idrettslag sine sambygdinger til hjortfest i Ungdomshuset. Det var jaktlaget på sørsida av bygda som var vertskap, og eit lite hundretalls todalingar deltok på årets «jaktbankett». Vertskapet hadde sørga for ekte og velsmakande hjortegryte, og bydde i tillegg på underhaldning i form av song og musikk og ein konkurranse mellom jaktlaga i bygda. I tillegg var det utdeling av heidersprisen «Den gyldne Patron» som denne gongen vart tildelt redaktørkollegiet i Todalen.no
Les heile sakaKald vind og masse kuldegrader ute anfekta ikkje «strikkegjengen» i sanitetshuset laurdag ettmiddag. Der var det godt og varmt, og det knitra i strikketøyet rundt bordet, der 11 deltakarar hadde teke plass. Samtidig gikk praten uanfekta av strikkinga, og det vart skapt både gensere, votter og sokkar og mykje anna rart. Og sjølvsagt var det kaffeservering, med tilhørande fromasjkake og loff med fruksalat.
I juli hadde vi ei kommentarsak til at Ragnar Halle hadde lansert ein ide om cruisetrafikk på Todalsfjorden som framtidig turistmål i ein artikkel i Driva. Dette var kanskje ikkje så framand ein idè, for det har faktisk vore cruiseskip på Todalsfjorden før. Ingvar Øyen (87) minnes at det var eit engelsk cruiseskip på Todalsfjorden ein gong da han var gutunge. Ingvar er litt usikker på når det var, og namnet på båten, men det var før han begynte på skulen. Sannsynleg vis på slutten av 1920-talet.
Les heile sakaDenne veka kom det nye årsskriftet til Stangvik historielag i salg. Leiar Einar Grønnes rosa bidragsytarane og redaksjonsnemda for arbeidet med årsskriftet. 100 sider med 23 artiklar, der tekst og bilder famnar vidt i tid, emne og geografi. Mellom anna er det ein artikkel om da Todalsfjorden/Stangvikfjorden var islagt heilt ut til Aksneset i 1940-åra.
Les heile sakaTodalen er i dag einaste gjenverande filial blant bygdefilialane under Surnadal Folkebibliotek. No vurderast framtida til filialen, som opplever for dårlig besøk for å kunne forsvare å oppretthalde drifta på dagens nivå. Filialen i Todalen har hovedvekt på bøker for barn og unge, men har også eit stort utvalg av bøker til voksne.
Les heile sakaEi halvfull kyrkje, to kor og eit orkester var slett ikkje det verste i vinterkulda ein sein novemberkveld. Todalskoret hadde i kveld bede med seg Åskardskoret og orkesteret Safari til ein variert Tonekveld i Todalen Kyrkje.
Les heile sakaOnsdag kveld (24. november kl 19.30) er det tonekveld i Todalen kyrkje. Da kjem gruppa Safari med 7-manns orkester og vil opptre sammen med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som begge har Bernt Bøe som dirigent. Safari har mykje flott musikk på programmet, og vi får høre både negro spirituals, salmer og tradisjonslåter frå Sri Lanka denne kvelden, fortel Gudmund Husby som er ein av musikarane i orkesteret Safari.
Les heile sakaPå værmeldinga yr.no er det kaldvær i vente over heile landet. Dette vil vi få skikkelig føling med på Nordmøre også, og rundt helga og vidare ut i neste veke vil temperaturen kanskje nå ned mot tjuetalet. Det er nok lurt å sjekke temperaturen og om nødvendig slå på litt varme, slik at ein kan unngå at det går på skade. med frosne vassrør og liknande. Her finn du langtidsvarslet for Todalen på yr.no. TV2-været spår at det blir kaldt heilt fram til jul. Det kan du lese meir om her.
Billettsalget til Hjortfesta 2010 er i full gang på ICA Todalen. Todalen idrettslag er arrangør, medan jaktlaga på sørsida av dalen (Bruset/Øya/Ørsal/halset) er vertskap for festa. Festsjef Ståle Ansnes fortel at dei har mykje å by på, og han røpar samtidig menyen, der “årets hjortegryte” er hovudrett. Billettar selges som sagt på ICA Todalen, og kostar kr 200. Den dekkjer inngangsbillett og mat.
Les heile sakaAdventstid og juleforberedelsar, ei tid med levande lys og smultgryter. Då er det viktig å vera forberedt meiner Solvor Lindset Øyen. Ho er forhandlar av eit nytt brannvernmiddel som no er på markedet. Midelet heiter Prevento, og har fått sers gode skussmål blandt fagfolk.
Les heile saka