Surnadal Velværesenter minner om at etter jul og nyttårshelga kjem kvardagen. Når alle juleselskapa er ferdig kan ofte omstillinga bli stor. Gå inn på heimesida deira for å sjå kva som kan gjerast med det. Her kjem du til nettsida deira.
Les heile saka
Vinnaren av denne månadens pris blei Frostrøyk, tatt av Kjetil Sogge. Biletet var tydeleg populært, og stakk av med den største prosentdelen av stemmene var har hatt i ei avstemning. Heile 74 av dei 102 avgitte stemmene meinte Frostrøyk var det beste biletet denne månaden.
Les heile saka
I kveld er siste gongen med ope bibliotek i 2010. No har det seg slik at det er Ole Petter Talgø som er vorte tilsett som ny bibliotekar, i allefall fram til sommaren. Det er berre her i Todalen at det enn er ein liten filial, men også denne står no i fare for å bli stengt kan Ole Petter fortelje.
Les heile saka
Måndag 20. desember kl 18.00 inviterer Todalen oppvekstsenter til juleavslutning. Programet for kvelden ser slik ut: Underhaldning v/ungane, allsong, servering, gång rundt juletreet, … og kanskje kjem nissen…? Sjå plakaten her.
Alle er velkomene!
Herretrimen på onsdag er avlyst på grunn av juletre og pynting til jul i gymsalen. Den vil starte opp igjen etter jul.
På bakgrunn av gårdagens avlysing av herretrimmen er det reist tvil om dametrimmen også er avlyst. May Elisabet Holten bekrfter at dametrimmen i kveld vert gjennomført som planlagt, og etterpå er det sosial samling med frukt etc. som avslutning på sesongen.
Det var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det. Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.
Les heile saka
Lørdag 11 og søndag 12. desember deltok Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med to G14-lag og ett G16-lag i Flatås Julecup i Kotenghallen på Rosten (Trondheim). Dette er en stor cup som spilles over fire helger i november og desember. Deltakerlagene var stort sett fra Trondheim og omegn, og vi var eneste klubb fra Møre og Romsdal
Les heile saka
Vinteren har kommet for lengst til Todalen, noko bileta vi den siste månaden har fått inn tydar på. No er det klart for å avgjera kva for bilete som blir månadens bilete for november, og det nest siste kandidat i superfinalen om årets bilete.
Les heile saka
Vi er midt inne i ein travel julebordsesong, og frå Trondheim har vi fått e-post og helsing frå utflytta todalingar som har vore samla for å smake på julematen og ha det triveleg saman. Elisabeth Aas har sendt oss nokre bilde, og ho fortel at dei samlast i hennar atelier først, før ferda går vidare til restauranten der julemiddagen ventar. Dette er ein årleg tradisjon, og det blir sjølvsagt mykje mimring og fliring om barndomen og oppveksten i Todalen ein slik kveld.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag hadde prosjektgruppa som arbeider for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter» åpen dag i gammelskulen, og det var innom eit tjuetalls personar for å diskutere og høyre kva huset eventuelt kan brukast til i framtida.
Les heile saka
Søndag 12. desember blir det gjenhør med det populære syngespelet “I denne søte juletid” i Todalen kyrkje kl 15 og Åsskard kyrkje kl 19.30, fortel Bernt Bøe til Todalen.no. Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor, solistane og orkesteret elskar denne måten å dele Juleevangeliet med andre på. Folkelege melodiar og tidlause tekster smeltar fint saman – også tilsett enkle teatereffekter. Komponist er trønderen Arne Dagsvik.
Les heile saka