Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rustar opp utomhus på Gammelfabrikken

Rustar opp utomhus på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juni 2011

Dei siste åra har det foregått ei total renovering av Gammelfabrikken til Talgø i Brusetmarka. Det er bruka fleire millionar til oppussing og sist i 2010 på tilbygg som huser den nye utstillinga av MøreRoyal-produkter frå MøreTre. Sentrale i denne prosessen har vore dei lokale snekkarane Gunnar Nordvik og Lars Kvendset.  No er den innomhus byggeprosessen på det neraste fullført, og det er klart for å fiffe opp anlegget utomhus.

Både Gammelfabrikken og området omkring er tenkt som ein del av den framtidige Todalsparken, fortel konsernsjef Terje Talgø. Det er bruka fleire hundre tusen på landskapsarkitekt, som har planlagt og teikna uteanlegget. No er arbeidet kome igang med utearealet, og Gunnar og Lars er også engasjert her, men i tillegg har dei fått Per Gjeldnes med gravemaskin på laget. Det blir her bruka mykje stein og Royal-behandla trelast som er både fint og holdbart i eit tøft utemiljø ved fossen.

Det skal byggjast terassar rundt husa, og stigar og vegar oppover mot Storfossen og den gamle kraftverksdammen. Dette vil gjera terrrengen meir framkommeleg, og ikkje minst pynte opp i terrenget som i dag er prega av kratt og villnis. Dette blir nok litt av ein svenneprøve for arbeidsgjengen, fortel Terje. Han har stor tillit til at dette blir bra, men dei lyt nok i rikt monn bruke kreative evner og fantasi for å finne løysingar i dette prosjektet. Han oppfordrar gjerne til å kome med innspel på idear og løysingar til Gunnar & co, for at resultatet skal bli best muleg.

Prosjektet med Todalsparken er under utvikling, og det arbeides i dei offenlege kanalane med tanke på finasiering av prosjektet. Kor lang tid dette vil ta og når Todalsparken kan realiserast i sin heilhet er avhengig av omfanget av tilkot frå offenlege kanalar.

Bildeglimt fra gammelfabrikken og arbeidet med parkanlegget.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. juni 2011, 20:00