Tida no framover og inn til jul pleier stort sett å vera full av ulike arrangement. Difor oppfordrar vi dykk til å sende inn dei ulike arrangementan de veit laget eller organisasjonen deira skal ha. De treng ikkje å gjere det vansklegare enn å nevne det for nokon av oss i redaksjonen med ei sms, eller hvis vi treffest etter vegen.
Les heile saka
Utruleg, men sant!
Muligheitene for å kunne bosetja seg i egen bolig i Todalen har dei siste 5 åra vore minimale. Ingen har hatt noko å selgje eller å leie bort for dei som kunne ha tenkt seg dette. Men no ser det definitivt lysare ut enn på lenge. Etter kva todalen.no har fått tilbakemelding på, så er det i allefall…
Les heile saka
Konfirmasjonsfest med jubilantar
Eit trettitals gjestar deltok på konfirmasjonsfesta som Todalen sokneråd arrangerte i Ungdomshuset laurdag kveld. Spesielt ivitert var dei fem konfirmantane fra 1960 som i år kan feire 50-årsjubileum. Dei hadde kome frå fjern og nær for å ta del i festa og for å treffast og hente fram gamle minne frå konfirmasjonstida. På menyen stod det både fårikål og forskjelling slags underhaldning.
Les heile saka
Endeleg vart det trøskarvêr
Det blir eit katarofalt resultat av årets kornhaust på Talgø Gård i år, fortel Finn Talgø som laurdag kjørte skurtrøskaren for siste gong. No er det slutt på dyrking av korn, og frå neste sesong blir det grasproduksjon i staden. Etter 23 år med korndyrking er det slutt, og denne sesongen blir den dårlegaste av alle.
Les heile saka
På opplæring
I dag var 11 damer samla i Sanitetshuset på sesongens første strikkekaffe. -Her va det jaggu meg stilt, sa Sissel Kalseth Heimlund da ho så all snarast var innom for ein kaffekopp. Men det varte nødvendigvis ikkje så alt for lenge.
Les heile saka
Velkomen på konfirmasjonsfest
Laurdag kveld arrangerer soknerådet konfirmasjonsfest i Ungdomshuset. Det er tradisjon å invitere 50-årskonfirmantane og alle fem har takka ja til invitasjonen. Soknerådet diskar opp med fårikål til hovudrett, så her vert det høve til å smake på årets lam.
Festa tek til kl.19.00, og dei har litt av kvart å by på:

Imponerane SUSrock
Torsdag kveld var siste framsyning av revyen SUSrock. Dermed er 10.-trinnet ved surnadal ungdomsskule i mål med revyprosjektet som dei har jobba med i 7 månader. Til ståande applaus frå den nerast fullsette Storstua i kulturhuset, kunne dei runde av årets revy. Og dei kom jammen frå det med eit produkt dei kan vera stolte av. Det var god underhaldning frå start til mål, og publikum fekk full utteljing både for tid og pengar. Skal ein bruke eit ord, så må det bli «imponerande».
Les heile saka
Bli med på fotokonkurranse
Godt mot, Todalen minner om fotokonkurransen som pågår i regi av Bygdeforskning. Innleveringsfristen er satt til 1. oktober, så her er det berre å svinga seg rundt.
Les heile sakaMange sprekingar
Tirsdag ettermiddag var det duka for Sanitetens årlege Løftatur. Mange deltakarar i alle aldersgrupper stilte opp for å gå runden oppå Løfta og nedatt til Sanitetshuset. Årleg vert det over heile landet arrangert Sanitetens veke med ulike tema. Tema i år var fysisk aktivitet og ernæring.
Les heile saka
Tap mot Træff
Tirsdag kveld var G14 på Molde-tur for å møte Træff. Skadeforfall fra både Malin Sønderland Mossing og Ørjan Nes Haugen gjorde at vi måtte gjøre endringer i laget, og et par av de yngste spillerne våre fikk sjansen fra start. SøyaTodalen/KvassUlvungen åpnet bra, bl.a. fordi hele laget viste en langt bedre kjemping enn mot AK sist søndag.
Les heile saka
Renovering i barnehagen
Barnehagen hadde i vår befaring av fagfolk med tanke på sikkerheta på uteområdet. Dette medførte ein del feil og manglar som måtte rettast opp. I den anledning vart det bestemt at det skulle innvesterast i nytt leikeapparat som både skule og barnehage skulle ha nytte av. Difor har det no vorte anskaffa eit stort og utfordrande leikeapparat attmed ballbingen.
Les heile saka
Nytt blogginnlegg i farta
Da har Gjermund jobba såpass at enda eit blogginnlegg har landa i innboksen til todalen.no. Også denne gongen går turen sørover til Oslo. Men neste gong, skal vi nok ikkje dit.
Les heile saka