Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
SMS terror

SMS terror

Elinor Bolme Laurdag 16. juli 2011

Todalen.no vart før helga kontakta av ein lettare fortvila todaling som i rundt ei veke no har fått såkalla svindel-sms. Det heile starta med ein sms på mobilen som kunne fortelja at han hadde vunne store summar i punds valuta. I etterkant har han fått mellom 5 og 10 sms der han blir bedt om å senda inn sine kontaktopplysningar som fullt namn, epost adresse og riktig telefonnummer. Ikkje berre prøvar dei å svindle meg, men når dei sender så mange meldingar blir det mesta terror, seier mannen. Han har teke kontakt med politiet, og dei kunne fortelje om fleire i området som hadde fått liknande meldingar. Det einate rådet dei kunne gi var å IKKJE SVARE på desse henvendelsane.

Dette er vel bortimot same saka som tidlegare var oppslege i fleire større medium, som for eksempel hos Adressa eller Aftenposten.

Publisert: 16. juli 2011, 20:56