I helga vil Kårvaten nok ein gong bli base for Norsk Skialpinisme sine aktivitetar. Da vil dei ha ei helg med trening og konkurransar seg i mellom. Deltakarane blir noko av den same gjengen som var her i vinter, men det er og meldt om lokal deltagelse, då av Halvor Drøpping. Alt denne gjengen har for seg dreiar seg stort sett om å gjere det mest muleg, på kortast muleg tid. Og det som kanskje kan vera av interesse denne gongen er Nauståfossen rundt, eit skikkeleg tøft terrengløp.
Les heile saka
Det var duket for storkamp i finalespillet for G14 da Sunndal gjestet Søyabanen onsdag kveld. Hjemmelaget Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen åpnet helt uten respekt for Sunndal, og var fullt på høyde etter både spill og sjanser i 1. omgang. Derfor var det også litt ekstra surt da Sander Grimelid kom gjennom på venstrekanten og satte ballen kontrollert i langhjørnet like før pause.
Les heile saka
Frå Surnadal Kulturhus har vi fått ei henvending om å legge ut kulturkalenderen for oktober 2010. Og med baktankar om eit framtidig medlemskap her på todalen.no, så gjer vi sjølvsagt det.
Klikkar du her kjem du inn på foldaren.
På laurdag frå klokka 10 til 13 vil trekløvertet i redaksjonen for todalen.no sitte på Hals for å starte det offisielle salget av koppane vi har fått laga. Koppen kostar 100 kr stykket, og kan fåast i to ulike utførelsar, men ikkje i ubegrensa opplag.
Les heile saka
Jon Bruset vore på ny utflukt. Denne gongen til Vindøldalen og Eiterdalen, og vi har fått e-post med mange bilde frå turen. Han skriv: «Tysdag vart det tur til Vindøldalen og Eiterdalen, med Eiterdalsetra som mål. Dette er setra til garden Utistu Røv. Eiterdalsetra vart rekna for å vere den største og beste setra i Vindøldalen, og truleg ei av dei beste i heile Trollheimen når det gjeld godt beite.
Les heile saka
Todalen sokneråd har laga folder med programmet for 2. halvår 2010. Den vert putta i postkassen din ein av dei første dagane, slik at du kan følge med på det som skjer utover hauten og førjulsvinteren. I den finn du programmet som er sett opp fram til og med gudstenesta på nyttårskvelden. Du kan laste ned foldaren som PDF-dokument her.
Vi var forberedt på at bortekampen mot Molde 4 (som ennå ikke har vunnet kamp i finalespillet) kunne bli en vanskeligere oppgave enn tabellen skulle tilsi. Molde sitt neste beste G14-lag består av 97- og 98-modeller med teknisk høyt ferdighetsnivå.
Og vår store supportergjeng på Molde Idrettspark (gamle Molde stadion) fikk se en heller svak 1. omgang, der hjemmelaget til tider var godt med i kampen.
Les heile saka
Hjartet slo nok nokre ekstra slag da Ola fikk 10-spiringen på posten på Kulihammaren. Kvennset jaktlag jaga opp lia til Kulihammaren da 10-spiringen kom på posten til Ola, som satt på hovedkposten på Kulihammaren. Da vart det travel med å finne storhjorten i siktet og få til skikkeleg avtrekk. Og hjorten fall. Den har ikkje vore på vekta, men vart taksert til godt over hundre kg.
Les heile saka
2010 blir eit normalår for sauedrifta, trur Kåre Øyen. Han sendte i overkant av 130 dyr på fjellet i vår, og etter eit par veker med saueleiting saknar han no berre 5-6 lam. Det reknar han som eit normalår og er godt nøgd når han ser kor store tap det er på andre sia av fjellet, i Innerdalen om områda omkring.
Les heile saka
Det vart både elg og hjort på jaktlaget på sørsida av bygda i dag. Etter resultatlaus jaging i Øyalia, vart det sett ut postar på Storhaugen og jaga dit gjennom Brusetbotnan. Da vart det både elg- og hjortfall på Storhaugen. Ein ungokse på ca 180 kg gikk i bakken etter ein fulltreffar frå Anders Halset. Ola Bruset sørga for at ein spissbukk fall i same området.
Les heile saka
På leikeplassen, som ligg i tilknyting til Kvennsetøran boligfelt, var det laurdag full aktivitet med opprusting og bygging av ny sandkasse. Både store og små var med på arbeidet, og i løpet av dagen blir det nok klart for å fylle på ny sand og starte leiken.
Les heile saka
Tirsdag kveld arrangerer Todalen Sanitetsforening omsorgsberedskapsmøte i Kommunestyresalen på Skei. Dette er eit møte for å fa fleire lag og organisasjonar til å oppretta omsorgsberedskapsavtaler med sin eigen kommune.
Todalen sanitetsforeining gjekk inn i eit slikt samarbeid med Surnadal kommune på januar i år, og i Rindal har dei samarbeidd enda lengre. Der har dei og ved fleire anledningar vore i aksjon dei siste åra.
Les heile saka