Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Oppstart strikkekaffe

Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Onsdag 14. september 2011

Laurdag 17. september blir det igjen oppstart av strikkekaffe. Det er Todalen Sanitetsforening som har regien på denne, men dei melder om at ein hverken treng vera medlem i foreninga eller ha med seg handarbeid for å delta. Derfor har dei like så godt døypt den om til å kallast «Fredrikkekaffen» etter grunnleggaren til NKS; Frderikke Marie Qvam. Litt av bakgrunnen for namneendringa er at det ikkje skal væra noko krav om handarbeide eller liknande kunstferdige sysslar, men det skal vera gleda over å treffast og trivast i lag som skal vera drivkrafta.

Fredrikkekaffen er ope frå klokka 14 til 17, og vil bli arrangert jamnt utover førjulsvinteren.

Først publisert: 14. september 2011, 09:00 - Sist oppdatert: 13. september 2011, 23:08