Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kurs i asiatisk matlaging

Kurs i asiatisk matlaging

Elinor Bolme Laurdag 12. februar 2011

Sist i februar blir det høve til å utvida kokkekunstene sine. Då arranger Todalen Sanitetsforening kurs i asiatisk matlaging på nybegynnarnivå. Kurset er i første omgang mynta på damer, men ved behov er det visstnok ikkje noko i vegen for at karar kan ha sitt eige kurs. Kurshaldar blir Mali Nognut Brusethaug, så her er det berre å gle seg!

Les heile saka

Oppkjørte løyper – fine forhold

Oppkjørte løyper – fine forhold

Jon Olav Ørsal Fredag 11. februar 2011

Arnt Ivar Brøndbo fortel til Todalen.no at det er kjørt opp skuterspor frå Innerdalsmerket til Tristeinan, og frå Øyalia til Skihytta. Han rapporterer fine forhold, med 15-20 cm nysnø utafor sporet. Fredag var det ganske sterk vind og snøfokk på fjellet, men værmeldinga til laurdag og søndag er bra, med vind på 1-2 m/s og […]

Les heile saka

Skogkompaniet nominert til ny pris

Skogkompaniet nominert til ny pris

Jon Olav Ørsal Fredag 11. februar 2011

Skog-Kompaniet i Surnadal, som i 2010 fikk prisen «Årets Gazelle» i Møre og Romsdal, er nominert til ein ny pris. Denne gongen er det fylkesprisen «Årets Bedrift», som Møre og Romsdal Fylkeskommune deler ut det gjeld, skriv Driva.no. Kåringa skjer 8. mars, og Skog-Kompaniet er nominert saman med 14 andre bedrifter i fylket.

Les heile saka

Fortsatt problem i lysløypa

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. februar 2011

Det er fortsatt problem med lysanlegget i lysløypa, seier Frode Grønmyr i skigruppa. Lysanlegget slår seg av etter nokre minutt, når det blir slått på. Frode seier at det blir arbeidd med å få lysanlegget i orden, men det har foreløpig ikkje lukkast. Det er fine forhold i løypa, så han oppfordrar til å ta med eigne hodelykter til anlegget igjen er ordna.


Ny rekord i besøkstal

Ny rekord i besøkstal

Ole Petter Talgø Torsdag 10. februar 2011

Januar 2011 blei den beste månaden nokon gong for Todalen.no, og vi hadde totalt 17654 besøkande. Med det blei rekorden på 15503 frå november 2010 slått. Den beste dagen var 16. januar med 891 besøk, den nest beste dagen nokon gong.

Les heile saka

Lang tunnel billigast

Lang tunnel billigast

Elinor Bolme Onsdag 9. februar 2011

Fylkesordførar Olav Bratland meiner fortsatt at Trollheimstunellen er mest aktuell som lang, etter at dei nye utgreiingane no er klargjorte. Her går det fram at lang tunell er prissatt til 1,5 mrd, medan det andre alternativet med kort tunnel og bru kom på 1,75 mrd.

Les heile saka

“No e sola kåmma” – lunsj og solfest ved Todalen oppvekstsenter

“No e sola kåmma” – lunsj og solfest ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 8. februar 2011

Måndag 7. februar serverte Todalen Bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter. Leiaren i bondelaget, Ståle, med medhjelparane Ingebrigt, Frode, Anders og Olav, serverte nydeleg kakao, godt heimbaka brød med sunt pålegg og utruleg god heimelaga jogurt. “Slik skulle vi hatt det kvar dag!” meinte ungane. Og nestleiaren i elevrådet, Frikk, takka for “kjøle go mat” og ønska bondelaget velkomne att neste år!

Les heile saka

Stem på månadens bilete for januar

Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Tysdag 8. februar 2011

Vi har starta på 2011, og også dette året vil styret plukka ut nokre kandidatar til månadens bilete. Vinnarane vil som i fjor få eit eksklusivt Todalen.no-krus, og vi startar naturleg nok med månadens bilete for januar. Vi håpar dykk fortsett å senda inn bilete til oss.

Les heile saka

Skule for vonde ryggar

Skule for vonde ryggar

Jon Olav Ørsal Måndag 7. februar 2011

Er du plaga med smerter i rygg eller nakke, eller har anna muskel eller skjelettplager har du mulegheit for å gjera noko med det på Surnadal Velværesenter no. Torsdag 17. februar startar dei nemleg opp med ryggskule, og i 8 torsdagar framover vil naprapat Micke Dahlgren sørge for at du får lære å trene opp rygg og kropp til å bli kvitt plagene. Her kan du lese plakaten og melde deg på.


Årsmøte i Historielaget blir 10. mars

Årsmøte i Historielaget blir 10. mars

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2011

Todalen historielag inviterer til årsmøte torsdag 10. mars. Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl 19.30. På saklista står vanlege årsmøtesaker, og innkomne saker. Har du ei sak du vil fremje på årsmøtet, så kan du levere den til ledar i historielaget, Maren Ansnes, innan 18. fabruar. På årsmøtet vil vil «Skannarpatrulja» (Ingri og Ragnhild) vise lysbilete av gamle passfoto frå krigens dager, da alt folk i bygda måtte ta passfoto for å bruke i identitetkorta sine. Ein del av desse bileta har kome historielaget i hende og er altså no skanna og digitalisert. Elles vil historielaget orientere om arbeidet med nytt årsskrift og jubileumsskrift for Todalen kyrkje som feirar 150-årsjubileum i år. Det blir servering av tradisjonell kveldsmat.  Sjå plakaten her!


Søyatrimmen – bra deltaking i 2010

Søyatrimmen – bra deltaking i 2010

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2011

Frå I.L. Søya har vi fått statistikk over deltakinga i Søya-trimmen i 2010. I.L. Søya har til 7 trimpostar, der du kan gå til fots eller på ski og registrere deg med. Strengen vart i 2010 den mest populære posten med heile 2114 namn, tett fulgt av Storsetra med 1614 besøk. Tilsaman på dei 7 postane registrert 5243 besøk gjennom året. Det er plassert trimpostar på Haugasetra (41), Evjehaugen (64), Storåsen (542) , Strengen (2114), Åsbøsnytå (626), Storsetra (1614) og Bjønndulu (242).

Les heile saka

G12 allerede i gang

G12 allerede i gang

Knut Haugen, IL Søya Sundag 6. februar 2011

Lørdag 5. februar var det trening for G12 i Surnadal Idrettshall. 12 unge fotballgutter møtte til årets første treningsøkt, under ledelse av oppmann / ass. trener Ola Magne Nordvik. Det var en ivrig og lærevillig gjeng som møtte til trening. Først var det viktig basistrening med pasningsøvelser, og etterpå vanlig spill mot to mål. Med ca 14-15 spillere tilgjengelig blir det sannsynligvis påmeldt to 7-er lag i årets G12-serie. Dette blir løst ved en viss overlapping mellom lagene (spiller ikke kampene på samme dag), samt at noen 2001-spillere (G10) også hospiterer på G12 i en del treninger og kamper.

Les heile saka