Tysdag fekk skulen besøk av politiet, og det er alltid stor stas når dei kjem. Dei kom for å dele ut refleksvestar til 1. klassingane og for å fortelje kor viktig det er at ein blir sett i trafikken. Politiet tykte det var bra at mange bruka refleksvest når dei gjekk eller sykla til skulen.
Les heile sakaSøya og Todalen skyttarlag med årsmøte
Måndag kveld var det årsmøte i Søya og Todalen Skyttarlag i Todalen ungdomshus. Frå årsmeldinga saksa vi at laget har registrert 113 medlemar, som er omtrent uendra frå året før. Hovudaktiviteten gjennom det siste året har vore oppskyting til jegerprøven, da det ikkje har vore arrangert skyttarstemne dette året. Laget har i år eit solid overskot, så økonomien er sunn og god, fortalte ledaren i laget John Moe.
Les heile sakaMånadens bilete: Lauvåfjellet
Etter ei avstemning med ei rekordhøg deltaking på 146 stemmer, var det det fine haustvèret frå Lauvåfjellet som vann Månadens bilete for oktober. Fotograf er Jo Gjeldnes, og biletet fekk 45 av stemmene. Her finn du alle kandidatane, og oversikt over kven som har tatt bileta.
Les heile sakaKunstkveld med Toril i Svinviks arboret
Surnadal Kunstforening inviterer til medlemskveld i kafeterian i Svinviks arboret onsdag 17. november kl 19.
Toril Redalen er invitert for å fortelje om arbeidet og prsosjekta sine.
Både medlemar og andre er hjarteleg velkomne! Sjå plakaten her.
Brage og Ørjan til bylagskamp mot Ålesund
Tirsdag kveld spiller Kristiansund mot Ålesund i bylagsserien for småguttespillere.. Også denne gang har vi fått med to Søya/T/K/U-spillere i 16-troppen, som er plukket ut fra klubber fra hele Nordmøre. Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø får dermed sjansen til å prøve seg i kamp mot sine jevngamle talenter fra Ålesund og omegn. I første kamp i bylagsserien ble det 2-2 mot Molde, og senere i høst er det kamp mot Ulsteinvik (søre Sunnmøre).
Les heile saka18 centi – fornøyeleg underhaldning
Laurdag kveld går siste framsyninga av bygdarevyen «18 centi» i Surnadal kulturhus. Da er det kjørt 4 forestillingar med fullsett sal, og Svarrabærje teaterlag kan sjå attende på nok ein revysuksess. Og det er heilt utruleg kva den dyktige revygjeng har fått til, der vi vart losa gjennom 28 forskjellige revynummer i løpet av eit par kveldstimar. Vi opplevde at det eine høgdepunktet tok det andre gjennom heile framsyninga, og det var god kontakt med publikum som var rause med applausen.
Les heile sakaFotball, innebandy og volleyball
Onsdag var det klart for sesongens andre herretrim, og oppmøtet tyder på at det er eit populært tilbod. Hele tretten deltakere hadde møtt opp, som gjør at det var gode muligheter for spille både volleyball, fotball og innebandy. Herretrimmen foregår hver onsdag kl 20.00 utover vinteren, og da er det bare å møte opp uavhengig av ferdigheter og form.
Hjortfesta blir laurdag 27. november
Det er tid for hjortfest igjen, og laurdag 27. november kl 20 er tida og Todalen Ungdomshus er staden. Todalen idrettslag er arrangør, medan jaktlaga på sørsida av dalen (Bruset/Øya/Ørsal/halset) er vertskap. Festsjef Ståle Ansnes fortel at dei har mykje å by på, og han røpar samtidig menyen, der «årets hjortegryte» er hovudrett. Billettar selges på ICA Todalen, og kostar kr 200 som dekkjer inngangsbillett og mat.
Les heile sakaStem på månadens bilete for oktober
Då er det klart for ei ny avstemning for å finne ut hva for bilete som var det mest populære i oktober. Det har vore mykje fine haustmotiv, og vi har plukka ut kandidatane til avstemninga.
Les heile saka.. og 3. juledag blir det julekabaret!
Arbeidet med å få til julekabaret har gått føre seg ei stund i kulissene, men no er julekabaret ein realitet, seier Svein Åge Saksen, som har fått fornya tillit som programsjef. Måndag kveld var den «harde kjerne» i programkomiteen samla for å gjere opp status og evaluere fjorårets julekabaret «Hoinner og æn ut!». Det er mange ivrige krefter som samlast om å få til ein god julekabaret, og vi vil ganske snart kome i gang med førebuinga for fullt, seier Saksen.
Les heile sakaKald start på november
Fra vår «værstatistiker» i Brusetmarka har vi fått e-post med diverse statistikktall. Jon Bruset har drevet med noteringer av maksimum og minimumsterperaturer dei siste 20 åra, og han skriv:
«Det ser ut til å bli ei kald novemberuke. Statistisk er november en svært variabel måned.Noen tall fra de siste 20 år:
• Kaldest 29.nov. 1996 : -15,8
• Varmest 6.nov. 2003: +20,8
• I 2002 var det frost i løpet av alle døgn.
• I 2000 var det 21 dager med +10 eller meir ! (desidert varmeste november)
• I 1996 var det 7 dager med under -10 eller kaldere.
Kan også nevne at i november 2009 var det varmt, med 14 dager med over + 10 eller meir!»
Breibandtilgang i fokus
Gudmund Kårvatn var i kveld på Dagsrevyen på NRK og fortalte om problema med å få tilgang til breiband til Kårvatn. Saka er og toppsak i skrivande stund på NRK.no.
Les heile saka