Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Har du gløymt å fylle ut spørjeskjema?

Har du gløymt å fylle ut spørjeskjema?

Norunn Holten - Surnadal kommune Tysdag 8. november 2011

Bygdebokkontoret etterlyser skjema frå utflyttarar. Bygdebokkontoret i Surnadal har i løpet av året sendt ut ganske mange spørjeskjema til utflyttarar frå Todalen og Stangvik. En god del har kome tilbake i utfylt stand, men det er også mange som enno ikkje har fylt ut skjemaet sitt. Har du eit slikt uutfylt skjema liggjande, ber vi deg no så fint vi kan om å leite det fram og fylle det ut. Send det deretter til bygdebokkontoret.

Adressa er oppgitt i brevet som er utsendt. Viss de ønskjer å sende inn skjemaet elektronisk, finn de skjema på kommunen si heimeside www.surnadal.kommune.no. Klikk på den grøne linken i venstre marg merka ”Revidering av bygdebøker”.

Publisert: 8. november 2011, 21:28