I den nyoppretta stillinga som områdeforvalter for Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområde har det meldt seg 15 søkere. Stillinga skal ha kontorsted i Rindal og av kjente søkere finner vi rindalingen Frøydis Bolme Hamnes, Per Åke Jakobsson, Todalen, Hege Sæther Moen, Øvre Surnadal og Bjarne Lund, Jerpstad – i dag jordbrukssjef i Rindal, skriv Trollheimsporten.no, der du kan sjå alle søkarane.
For to veker sia spurte vi om du visste namn på toppane du ser på biletet? No har vi laga ein montasje der namnet er kome på. Den kan du laste ned som PDF-fil ved å klikke her! Klarte du alle?
Søya/Todalen G10 spela i kveld sin andre seriekamp i kveld. Dei møtte då Bøfjord/Bæverfjord på Banksletta til det som utvikla seg til eit målkalas. Gutane på Søya/Todalen vann til slutt heile 28-0.
Les heile saka
Snøkanten kryp oppover, og snart er det klart til å dra til fjells på sko i stanen for ski. Jon Bruset har måndag teke turen opp Knuken, over Legdan og ned igjen gjennom Kvennsetdalen. Som venta trefte han nok på litt snø innafor Knuken, men ikkje meir enn at det var farbart mellom berrflekkane over Legdan og ned til Kvennsetsetrene. Resten av turen gikk ned til Rossåbrua på barmark.
Les heile saka
Kjell Øyen fikk fulltreff og «Hole in one» på Surnadal Golfpark søndag 22. mai, og presterte hole-in-one. Det er bare fire spillere som har klart dette siden banen ble åpnet i 2006. Det var på hull 2 at Kjell Øyen slo ut med sitt 8-er jern, og ballen havnet altså i direkte i hullet fra 126 meters hold. Vi gratulerer med den fantastiske prestasjonen, som er alle golfspilleres drøm.
Les heile saka
I år er det 50 år siden Halsetraset i 1961. I den forbindelse etterlyser Reidar Østvik bilete frå raset. Om nokon har bilete frå hendinga, ta kontakt.
I helga har det vore stor aktivitet i Svinviks arboret. Både laurdag og søndag har det i samarbeid med Møre og Romsdal hagelag vore både omvisning, plantesalg og foredrag. Svinviks arboret er kjent for sin samling av fleire hundre variantar av rododendron, og sjølv om det er ekstra sein vår i år, så er rododendron nå på veg mot full blomstring.
Les heile saka
Vi har fått nokre bilde frå Stavgangsgruppa som har vore ute på ny tur. Denne gongen starta dei frå Nymoen i Surnadal, og hadde Liv heggset som kjentmann på turen opp til Høgberget. Vidar Sogge var fotograf på turen.
Les heile saka
Vi har fått e-post med bilde frå Ragnhild Ansnes Moe. Ho skriv: «For ei tid tilbake var det ein omtale på todalen.no om ei ku i Øyafjøset som heitte Dropla. Sender hermed bilete av Dropla, mor og meg teke da det var kuutstilling nedpå Øyagjerdet først på 60-talet. Som du ser syg eg på totten enda så eg kan vel vera ein 6-7 år!
Les heile saka
Torsdag kveld hadde Omsorgsberedskaps gruppa i Todalen Sanitetsforening kursing i sorg og sorgreaksjonar ved krisesituasjonar. I den anledning hadde leiar i Omsorgsberedskapsgruppa Kari Kvendset invitert psykolog Grete Bøe Snoen til å halde foredrag. Bøe Snoen har lang erfaring inna dette området i si stilling i PP-tenesta i Surnadal kommune. Ho tok for seg ulike reaksjonar ved sorg og traumesituasjonar, både for den berørte og for dei som skal fungere som omsorgspersonell.
Les heile saka
Onsdag 25, mai inviterer IL Søya til Breddefotballkveld. Dette er i regi av Norges Fotballforbund, der alle iddrettslag blir oppfordra til å hylle småakalafotballen med eit lite arrangement. IL Søya har derfor invitert G8, J8, G10 og J10 frå Todalen IL og Kvass/Ulvungen til ei uformell 5’er turnering.
Les heile saka
Onsdag var sildball som stod på menyen når eldremiddagen varta opp med middag i Sanitetshuset. Anledninga var at ordføraren var invitert, men han måtte dessverre melde avbud på grunn av sjukdom. Alikevel var det fullsatt bord då middagen starta.
Les heile saka