Våren og sommaren byrja å visa seg for alvor i april, en månad med mykje fint vêr og påske. Kandidatane vi har plukka ut for denne månadens bilete ber preg av dette med både snø, sol og vårtegn.
Les heile saka
Våren og sommaren byrja å visa seg for alvor i april, en månad med mykje fint vêr og påske. Kandidatane vi har plukka ut for denne månadens bilete ber preg av dette med både snø, sol og vårtegn.
Les heile sakaTysdag var to store «støvsugarar» frå Eidsøra Betong i bygda for å børste og støvsuge fylkesvegane. Det har vore mykje sand på vegskuldrene etter strøinga i vinter, og det har laga unødig mykje støv etter at det var bare vegar. No har dei altså børsta og støvsuga, og kjørt vekk løsgrusen som har skapt dette støvet. Det er fylkesvegen inn til bygda og rundt bygda som har fått denne vårpussen. Da står det berre att å fylle alle hola i asfalten, før nokon øydelegg bilen sin eller kjører i kant på sykkel!
Vi har fått tekst og bilder fra Stangvik Aldersheim, der Borghild B. Talgø arbeider som aktivitør. I forrige veke var dei på tur til Todalen, og Borghild skriv til Todalen.no: «I forrige veke fekk vi invitasjon til å kome til Åse og Kåre Øyen på Brubakkan for å sjå på lamma. Vi vart så gla! Buss vart ordna, og kjekk sjåfør vi fikk, da Eirik tok oss med til Todalen.
Les heile sakaLike sikkert vårtegn som hvitveisen er sykkeltrimmen på Nordvik. I år vart det sesongåpning på sjølvaste 1. mai, og 35 deltakere stilte til start. Anna Ingeborg og Maria stilte med nytrakta kaffe og nystekte vafler, og det vart eit koselig kaffelag i det flotte været.
Les heile sakaVi har tidlegare annonsert med kurs i livstilendring her på Velværesenteret. På grunn av at kurshaldaren er sjuk må oppstarten utsettast ei veke, altså til torsdag 5. mai. Dette gjer at det fortsatt er muleg å melde seg på for dei som vil være med på kurset. På kurset får du lære praktiske matvaner og mat du kan leve godt med over tid, og likevel halde linjene, står det i ei melding frå Surnadal Velværesenter. Her kan du laste ned plakaten med info om kurset som PDF-fil.
Kvar tysdag blir det ball-leik for dei minste på Bordholmen. Start tysdag 3. mai kl 18.00, og opplegget er for born som er født i 2003, 2004 og 2005. Alle som blir med får utdelt ein utstyrspose med fotball, drikkeflaske, fotballstrømper, shorts og T-skjorte. Etter kvart skal alle få eiga fotballdrakt. Dette opplegget skal være leik og moro, og målet er å stille eige lag under Todalsdagen 2. juli. Trenarar er Knut Bergli og Ivar Helge Kvendset.
Les heile sakaJon Bruset har vore på ny tur til Haukåa – denne gongen til Indre Haukåa. Dette er nok framant land for dei fleste, kanskje ein og annan hjortejegeren har trafikkert i dette terrenget? Det ligg i alfall utafor allfarveg! Jon skriv i sin e-post til Todalen.no: «Først nokre bilete av grøfta som førte over vatn frå Ytre- til Indre Haukåa. Dette vart gjort for å skaffe nok vatn til Øyasaga i tørre periodar. Frå Indre Haukåa gjekk det vassrenne vidare til Øyadammen (rester av inntaket og vassrenna er teke med mot slutten av bildeserien). Grøfta er fleire hundre meter lang og må ha vore eit storarbeid med spade og handmakt!
Les heile sakaPå nettsida til VG har Todalen hamna i godt selskap. I ein artikkel presenteres de 25 beste reisemåla i Norge. Under anbefalte reisemål på Vestlandet er Todalen, Innerdalen, Sunndalen, Litjdalen, Grødalen og Eikesdalen nemnt. Det er spesielt lagt vekt på mulegheitene for fotturar, klatring og sykkel- og bilturar. Les meir om dette på VG-nett .
Spreke pensjonistar har starta på ein ny sesong. Frå Martinus Torvik har vi fått ein e-post, der han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag, med eit stort innslag av «heile og halve todalingar», starta opp etter vintersvevnen i dag, torsdag den 28. april. Omlag 40 deltakarar møttest ved Arboreet. Det blei marsjert både mot Gjeldnes og langs fjorden. Etter marsjen møttest vi på uteplassen ved kafeen.
Les heile sakahtml />Laurdag var det storstilt flyttesjau i Halsesamlinga. Store og tunge arkivskåpar, møblar, haugevis med trykksaker og heile utstillinga var flytta over til biblioteket i Todalen oppvekstsenter. Ledar i Todalen historielag seier at flyttinga skjer for å gjere samlinga meir tilgjengeleg når ho no blir plassert i biblioteket. Samtidig legg ho vekt på at det i Gammelskulen lite egna lokaler for langtidslagring av arkivmateriale og trykksaker, på grunn av mykje fukt i kjellaren.
Les heile sakaFrå Nordvik meldes det at dei no er ferdige med dugnaden etter ein kvelds innsats både inne og ute rundt Forsamlingshuset. Det vart rydda på leikeplassane og rundt forsamlingshuset, det vart og vaska rundt i huset og lagt ny grus på parkeringsplassen. Kvelden vart avslutta med kaffelag ute i det fri.
Les heile sakaFra Kristine Saksen Ulvund har vi fått ein epost om ei røy som var i skulen og sosialiserte seg på torsdag. Kristine skriv: Vil dele noen bilder med dere av ei «tam» Røy som oppholdt seg på Todalen Oppvekstsenter i hele dag.
Det var Thea som fortalte om Røya da hun kom hjem fra skolen. Etter middag dro vi ned for å fotografere fugelen,
men da var hun borte..