Tysdag 21.juni kl. 18.00 er det sommarfest ved Todalen barnehage og skule.
Program ved barnehageungane og elevane.
Alle er velkomne!

Todalen I.L. minner om medlemskontingenten
I disse dager er det forfall på medlemskontingenten til Todalen IL. Hvis det er noen som har mistet fakturaen eller ikke mottatt den, så er det bare å ta kontakt med kasserer Knut Bergli på tlf 905 91 555, eller send en e-post til kasserertodalen@yahoo.no . For enkeltmedlemer koster det 250 kroner, for familier er det 500 kroner. Det året man fyller 18 år er siste gang man er med på familiemedlemsskap. Medlemskontingenten er kjærkommen inntekt for idrettslaget og alle betalinger mottas med stor takk.

Første laks i morgontimane
Kvart over 7 i dag tidleg kom den første laksen på land. Det var ein firekilos rugg som vart lokka fast på kroken av Per Ørsal. Per har vore ivrig fiskar heilt sia gutadagane heime på Sagtrøa, og er nok fast inventar når fisket i Toåa startar. Slik også i år, og etter å ha fått laksen på land bar det heimover med fangsten. Men han var ikkje ferdig med dette, så etter ein liten kaffepause bar det ned i elva igjen, og til Tømmermelhølen der han tok den første laksen. Og her nappa det igjen, og dermed var laks nummer to eit faktum. Denne var litt større, og veksta stoppa på mesta 8 kg. Dermed var Per ferdig med fisket for i dag, for fangstavgrensinga i Toåa er 2 laks per fiskar pr dag.
Les heile saka
Ny sesong i Toåa
Frå midnatt er laks og sjøaure «fritt vilt» i Toåa. Sesongen i år varer frå 15. juni og varer til 15. august, og det er same fisketid for både laks og sjøaure. Det er bra vassføring i Toåa etter regnet og snøsmeltinga dei siste dagane. Og etter vêrmeldinga på yr.no vil det fortsatt bli litt regn utover veka, og vassføringa vil nok halde seg. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske som altså kjem i gang 2 veker seinare i år enn i fjor, etter reguleringa av laksefisket som direktoratet har gjort.
Les heile saka
Rundtur i Todalen
I dag var halve tiendetrinnet frå Surnadal ungdomsskule i Todalen. Andre halvdel kjem på fredag.
Det gjekk buss frå Surnadal klokka ni, så ungdommane kom til gammelfabrikken halv ti.

Idrettsmerketaking
Leiar i Ski- og friidrettsgruppa, Jorid Haugen Ansnes oppfordrar alle til å komme på Bordholmen onsdag kveld kl 18 for å vere med på Lagseriestevne. Det vil da bli høve til å prøve seg på å ta idrettsmerket. Her blir det moglegheiter til å få sjekka vårformen innan både 60 meter, liten ball og stille lengde for å nemne noko. Nokre få har så smått byrja, men Jorid ønsker at fleire hyvar seg med.
Les heile saka
Snart badesesong!!
No er det på «sekkasen» for Hønhalsen på Høna oppi fjellsida mot Blåfjellet. Det er eit gammelt merke som betyr at badesesongen kan starte når Hønhalsen går av. Nærbildet viser at det er like før, så eit par tre dagar med mildvær no så er det klart. Utover veka er det meldt temperaturar på 15-20 grader og regn, så Hønhalsen er kanskje gått av når Høna dukker fram frå skodda igjen? Følg med….
Les heile saka
Aktivitet på Bordholmen
I kveld, tirsdag kl 18.30 er det fotballkamp på Bordholmen. Der møtes G10 laget Søya/Todalen Surnadal til dyst melder leiar i fotballgruppa, Bjørn Hauglann. Også torsdag kveld er det kamp der i følge aktivitetskalenderen vår.Førs ein J10 kamp klokka 18, så ein G14 kamp klokka 19. Kiosken er naturlegvis open melder Bjørn.
Les heile saka
Borten Moe i Todalen
Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) var i helga på uoffisielt besøk på Vårsøghelga i Surnadal, og var mellom anna tilstades på programmet på Gulla Gaard. 2. pinsedag var han på like uoffisielt besøk i Todalen, der han var innom på Kårvatn og hos Talgø på gammelfabrikken sammen med konsernsjef Terje Talgø. Og sjølvsagt var det stopp for fotografering ved drivstoffanlegget til Halsoil som seg hør og bør for ein olje- og energiminister.
Les heile saka
Rustar opp utomhus på Gammelfabrikken
Dei siste åra har det foregått ei total renovering av Gammelfabrikken til Talgø i Brusetmarka. Det er bruka fleire millionar til oppussing og sist i 2010 på tilbygg som huser den nye utstillinga av MøreRoyal-produkter frå MøreTre. Sentrale i denne prosessen har vore dei lokale snekkarane Gunnar Nordvik og Lars Kvendset. No er den innomhus byggeprosessen på det neraste fullført, og det er klart for å fiffe opp anlegget utomhus.
Les heile saka
Halsa Cup over for denne gong
Laurdag og søndag var fleire lag frå Søya/Todalen på Halsa og spela cup. Todalen stilte kun med eit reint Todalslag i klassen knøtt, men hadde ellers med spelarar i klasssane G10, J10 , G12 og J12. Laurdag var sett av til dei minste spelarane, der det var full rulle på fire banar til ei kvar tid. Søndag var det kampar på tre banar for dei litt eldre spelarane, G12 og J12.
Les heile saka
Opnar med balldag
Tysdag 14. juni opnar Todalshytta for ny sommarsesong som også er jubileumssesong for hytta. Den stod nemleg ferdig i 1901, klar til å ta i mot engelske turistar som kom til Todalen for å prøve laksen i Toåa. Laksefiskarane er framleis i fokus på Todalhytta, men no er det nok mest norske fiskarar. På opningsdagen tysdag blir det nok «flying start» med balldag på Todalhytta. Da må nok Åse G. Øyen som er vertinne og kokk, fylle grytene med potetball og tilbehør.
Les heile saka