Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tradisjonsmat og delikatesse

Tradisjonsmat og delikatesse

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. oktober 2011
Vår utsente tok ein stopp ved Utigarden på Ørsal for å sjå kva Johan dreiv med. Han hadde rigga seg til ved garasjenåva, og svinga kjøttøksa til hogg. Han var i full gang med å dele opp sauhau, som skulle bli god mat. Han fortel at det var vanleg å bruke sauhaua til mat i gamle dagar, og den tradisjonen har han fortsett med. Da Johan feira 50-årsdag, var det sauhau på menyen og det vart servert som hovudrett til heile festlyden. Den gongen koka han storgryta full av sauhau.

Lenger nedpå Vestlandet er det enno festmat og delikatesse i festlege lag, og Vinmonopolet har til og med laga ein eigen akevitt til denne retten som heiter «Smaladram». Tondalen.nos utsendte vart promte invitert på sauhau, så det er berre å begynne å gle seg på at det skal skje i nær framtid.

Publisert: 1. oktober 2011, 22:00