Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavganggruppa på tur i Øvre Surnadal

Stavganggruppa på tur i Øvre Surnadal

Vidar Sogge Fredag 30. september 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag 29. september ein flott tur i solskin og 20 varmegrader. Vi starta frå Evjen i Øvre Surnadal, gjekk opp dei bratte bakkane forbi Fugelsøya og vidare oppover Dalseggvegen som fører til Austre Nordmarka. Etter turen samlast alle 43 deltakarane til matpause på Evjen.

Komande torsdag møtest vi på Hamnes (ved garden til Torstein Hamnes) og går vidare langs fjorden.

I galleriet nedafor kan du sjå bileta frå turen.   Alle foto: Randi og Vidar Sogge

Publisert: 30. september 2011, 21:00