Eit forrykande Ski-VM i Oslo er avslutta, og eg var så heldig at eg fikk overværa ein av dei mest spektakulære øvingane under VM, herrestafetten 4 x 10 km fredag 4. mars. Som ein av hovudsponsorane av herrelandslaget i langrenn, var BDO, min arbeidsgjevar, ein sjølvklar publikumsdeltakar. Ein gjeng på nesten 30 skiglade folk frå BDO i Trondheim var alle utstyrt i raude Swix dunjakkar, lik dei Det norske skiforbundet har, for visast det skulle vi (men vi fann raskt ut at vi faktisk ikkje var dei einaste i slike raude jakkar…).
Les heile saka
Onsdag 9. mars kl 19.30 blir det «Tonekveld» i Todalen kyrkje. Her får vi høre Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og det blir allsong. Vidare blir det lysbilete med mange godbitar av anekdoter og historikk. Og sjølvsagt blir det kaffestund etterpå. Last ned plakaten her.
Les heile saka
Siste døgnet har det snøa jamt og trutt, så søndag morgon var det berre å finne fram snøryddeutstyr og ta fatt på jobben. 15-20 cm med kram og tung nysnø engasjerte mange rundt bygda med både snøskuffe, snøfresar og ikkje minst proffane med store traktorar og ryddeustyr.
Les heile saka
Sjølv om snøen fortsatt litt kvit utover bygda, er den fyrste vårmånaden i komme, og vi skal kåre det siste månadens bilete frå denne vinteren.
Les heile saka
I sesongen 2011 skal Søya for første gang bevege seg inn «world wide web» for å holde god oversikt over treningstider og kamper. Vi har allerede lagt inn de fleste planlagte treningene utover i mars (med visse værforbehold), og om ikke lenge blir også treninger for april – og kampene bli lagt ut. Systemet ser du her (legg gjerne denne siden som «favoritt»): Banekalender Du får her opp 7 dager framover, fra den datoen som står øverst til venstre, med oversikt over alle planlagte treninger og kamper for alle våre lag. Her kan du se hvor treningen skal foregå, og tidspunkt for start/slutt. Ved å føre markøren over den gule prikken (spørsmålstegnet) til høyre i rubrikken for aktuell treningsøkt ser du litt ekstra forklaring hvis det er innlagt.
Les heile saka
Torsdag 10. mars inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. På saklista står det vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og valg. Skannerpatrulja (Ragnhild og Ingri) er ansvarleg for underhaldninga denne kvelden. Dei har kome over ei unik samling med passfoto som dei har skanna og vil vise som lysbilete. Det er passfoto frå krigens dager, da det var kollektiv fotografering i skulen for å få bilde til Id-korta dei bruka under krigen.
Les heile saka
Vegen vart nok litt for smal for denne varebilen som hamna i bergveggen på vegen mellom Kvanne og Stangvika onsdag. På den smale vegen hadde bilen kome utfor den høge asfaltkanten, og dermed hamna i grøfta og i bergveggen. Vegen er smal utover mot Stangvika, og det lønner seg nok å manøvrere forsiktig, sjølv om […]
Les heile saka
Neste veke og utover vil det bli avheldt foreldremøter på Søyabanen for dei med ungar i årsklassane G12, G14 og J12. Her vil info om kommande sesong stå i sentrum naturleg nok.
Les heile saka
Tirsdag 1. mars var D-dag for Talgø-logoen som felles varemerke for T-Komponent, Møretre og Talgø Møbelfabrikk. Dette vart feira med kakelag på alle dei tre fabrikkane, samtidig som det kom opp nye logoskilt på fasadane denne dagen. Konsernsjef Terje Talgø fortel at ein felles branding vil gjere det enklare å marknadsføre konsernets produkt, samtigdig som varemerkebygginga vert sterkare og enklare.
Les heile saka
Det blir årsmøte i kyrkja 20. mars, etter at gudstenesta er ferdig.
Årsmøtesaker:
- Årsmelding
- Rekneskap
- Revisjon av gudstenesteforordninga
- Inkomne saker
Innkomne saker som skal behandles sendes til todalen sokneråd v/Ildri Øyen seinast 12. mars 2011.
Til tross for sterk konkurranse frå petter Nortug & co i Holmenkollen, var det mange som tok turen til inspirasjonsdagen på Utstillingssentret (Gammelfabrikken). Der helt Byggmakker, Eiksentret og Polaris Nordmøre open dag og viste kva dei hadde å by på. Her var det høve til å kike på utstillingane av baderomsmøbler, sommarens hagemøbelkolleksjon og mykje anna. Eik-sentret viste fram sin nyaste traktor og ein del andre aktuelle varer og Polaris Nordmøre hadde snøskutere og ATV. I tillegg var det leikar for ungane og litt grillkos.
Les heile saka
Todalen.no har kome over ein serie med gamle flyfoto frå Todalen. Dei gamle bileta har vi lagt ut som eit bildegalleri nedafor. Bilda er frå ei flyfotografering som er gjort i juli 1963, og det er litt interessant å sjå kor mykje som er forandra sidan den gongen. Det er både hus som er komne bort og komne til, og ikkje minst har det vorte mykje meir older- og krattskog kring oss.
Les heile saka