Jon Bruset har laurdag gjort turen til Dalasetra (Naustådalssetra) og på nedturen langs Nauståa har han bruka kamera flittig. Vi har fått e-post med bilder, og han skriv: «Prøvde å gå langs Nauståa mellom Dalasetra og Nauståfossen i dag. Dette er nok eit ukjent landskap for mange, men her er det fleire og større fossar enn ein kan forvente.
Les heile saka
Eit fin familieturmål er gammelvegen gjennom Svinvikkleiva, der tre generasjonar med veg er intakte. Den eldste vegen går gjennom Svinvikkleiva og langkleiva, og kjem sidan inn på Gjeldnesvegen til Snøya. Det var den første kjørevegen ut av bygda (1898). Neste generasjon av vegen går ved sjøen, mellom Svinvika og Gjengstøa. Den var ferdig i 1938, men er seirare utbetra fleire gong. Og tredje generasjon er Svinvikstunnelen som var opna i august 2011, altså for 10 år sia.
Les heile saka
Surnadal Brannvesen hadde i dag brannøving på Bøvra i Surnadal. Der hadde dei «fått» seg eit gamalt hus av Olav Øye til å kjøyre ein øvelse på. Dette innebar at vårt lokale brannmannskap her i Todalen også deltok i lag med brannmannskapet frå Kvanne og Halsa Brannvesen, pluss ambulansepersonell. I tillegg vart Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til å oververa øvinga, samt å organisere bevertninga for dei innvolverte brannmennene.
Les heile saka
Todalen historielag gjentar suksessen med historievandring på Todalsøra. I fjor samla laget mykje folk på vandringa etter Geilvegen ovafor Todaløra og til Hyllnesbukta. Denne gongen startar dei også innmed Inneråa, men går utover til Todalsøra etter allmannvegen og rundar av på dampskipskaia ved Pakkhuset. I år som i fjor er det Anders Halset som er guide, og han avslørte i fjor ein enorm kunnskap om «gamle» Todalsøra, fortel Maren Ansnes som er ledar i historielaget.
Les heile saka
Vi har fått e-postmelding frå Martinus Torvik i Eldremiddagen. Han skriv: Eldremiddagen i veka som kjem vert flytta til tysdag, altså til den 31. mai. Vi et først svinesteik i Sanitetshuset for deretter å forflytta oss til Elvestad der kaffen skal nytast. Denne samankomsten blir den siste før sommarferien, så vel møtt til eit triveleg lag.
Les heile saka
Trimgruppa og Ski- og friidrettsgruppa arrangerer felles basar også i år. Der har dei satt datoen til førstkommande søndag den 29. mai. Staden er i Ungdomshuset og det heile startar klokka 15. Der vil bli utdeling av fjorårets trimpostar, deltaking på barn i løypa og utdeling av skimerket alt dette for 2010.
Les heile saka
Laurdag er det tysk pubkveld på Pakkhuset. Terje Nordvik er vert for tyske gjestar, og inviterer bygdefolket til å ta del i selskapet. Puben opnar kl 21.00
Som vanleg er Vårsøghelga knytta til pinsa, og i år startar programmet torsdag 9. juni og held det gåande til søndag 12. juni. Dei kan by på eit rikt og variert program gjennom desse dagane. Høgdepunktet er sjølvsagt Kleivakvelden som er fredag 10. juni kl 19.00. På programmet denne kvelden står Odd Nordstoga og sjølvsagt får vi høyra Henning Sommero og John Pål Inderberg. Men dei byr også på mykje anna – som utdeling av Kleivaprisen.
Les heile saka
I går kveld arrangerte IL Søya ei miniturnering i anledning UEFA’s breddefotballdag. Idrettslaget inviterte dei nerliggande klubbane Todalen IL og Kvass/Ulvungen IL for å markerer dette. Veret var nok ikkje det aller beste, men det forhindra ikkje at ballen rulla på fleire banar samtidig.
Les heile saka
I den nyoppretta stillinga som områdeforvalter for Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområde har det meldt seg 15 søkere. Stillinga skal ha kontorsted i Rindal og av kjente søkere finner vi rindalingen Frøydis Bolme Hamnes, Per Åke Jakobsson, Todalen, Hege Sæther Moen, Øvre Surnadal og Bjarne Lund, Jerpstad – i dag jordbrukssjef i Rindal, skriv Trollheimsporten.no, der du kan sjå alle søkarane.
For to veker sia spurte vi om du visste namn på toppane du ser på biletet? No har vi laga ein montasje der namnet er kome på. Den kan du laste ned som PDF-fil ved å klikke her! Klarte du alle?
Søya/Todalen G10 spela i kveld sin andre seriekamp i kveld. Dei møtte då Bøfjord/Bæverfjord på Banksletta til det som utvikla seg til eit målkalas. Gutane på Søya/Todalen vann til slutt heile 28-0.
Les heile saka