Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Premieresuksess for «Stemmer fra Surnadal»

Premieresuksess for «Stemmer fra Surnadal»

Jon Olav Ørsal Sundag 4. mars 2012

Endeleg var det klart for lansering av CD og premierekonsert for det lokale musikkprosjektet ”Stemmer frå Surnadal”. Det er Rune Dalager og Jostein Ansnes som har stått attafor dette prosjektet og det har vore jobbe meir enn eit år med å få alt på plass. Laurdag kveld var det duka for plateslepp og premiere konsert i Storstua i Surnadal kulturhus. Det vart ei kjempeoppleving for oss som var tilstades, men må tilstå at eg er litt forundra over at rundt 100 plassar sto ledige i Storstua.

Det var Tone Søyset Døving som var kveldens konferansier. Ho var i storform, og takla rolla som konferansier godt, samtidig som ho også framførte sitt eige nummer ”Ei gråkvit strand” i tillegg til at ho var vikar i Silje Botten sitt fråvær med ”Så vakkert du smiler”.    

Konserten var ein sann fornøyelse og vi er imponert over at vi både har så mange dyktig utøvarar og dyktige tekstforfattarar og komponistar og at dette prosjektet har klart å samle så mange til ein felles presentasjon på denne CD’n og til premierekonsert.

På konserten fekk vi høre alle numra som er med på den nye CD’n og i tillegg fikk vi ”Fotefar” frå Famntak-kolleksjonen som bonus, framført av Tone Søyset Døving.

CD’n ”Stemmer frå Surnadal” er no lagt ut for sal, og du får kjøpt plata både på Kulturhuset og i Amfi Surnadal og kanskje andre plassar.  Og det er eit kjøp vi trygt anbefaler!

Nedafor finn du eit bildegalleri frå premierekonserten i Surnadal Kulturhus.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. mars 2012, 14:04