Søya/T/Kvass/U endte på en sterk 5. plass i G16-klassen i årets Hydro Cup, etter 4 seire og 1 tap (mot finalist Træff 1). I kampen om 5. plassen møtte vi Tambarskjelvar fra Sogn og Fjordane. Det ble en jevn og meget spennende kamp, der Brage Hauglann Talgø og Kristoffer Nordvik scora før pausen, mens (nybakte onkel..) Ola Talgø ordna seiersmålet like før slutt.
Les heile saka
Husby og Halle Vasslag hadde i går dugnad på det felles vassanlegget sitt ved Lauvåa. Her er det no oppgraderingar på gang då det har vore ei stund sia noko har vore gjort. Dei to vasslaga er inne i ein muleg overgang til å slå seg saman til eitt vasslag, men dette vil antageleg ikkje bli avgjort før på eit ekstraordinært årsmøte sist i juni. Og om det då blir eitt, skal det bestemmast om det skal bli eit privat eit, eller om ein skal kople seg på det kommunale.
Les heile saka
På Trollheimsporten har dei lagt ut eit bilde frå sist på 40-talet, då Rindal IL tok turen inn til Todalen for å spela fotballkamp. Trollheimsporten har så å seie alle navna på rindalingane, men ser ut som dei treng hjelp med todalingane. Og med alle dei gamle fotballbilda som heng på L.Hals så må det vel vera inkvan som kan hjelpa dei.
Les heile saka
Jon Bruset har vore på tur til Gammelsetra i Gammelseterdalen. Han skriv:»Seterdrifta i Gammelseterdalen slutta truleg i 1911 (sjå Seterbok for Todalen) Slåtten på setervollen heldt fram til 1925 og i 1930-åra vart skjelet bruka som skogskoje. I dette svært frodige landskapet skjer det mye på hundre år, og i dag har skogen skjult det meste av spora. Lettast å finne er dei lange og høge steinutgardane. Nåvsteinar etter husa, og nokre råtne stokkar er enda synlege i skogen. Dette var nok ein fin støl før skogen tok over. Og Gammelseterdalen er kjent for uvanleg tidleg vår.
Les heile saka
Torsdag 26. mai hadde stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag lagt utflukta til Eidet i Surnadal, med start på Kvennbø. Derifrå gjekk vi nedover på sørsida av elva til brua nedanfor Lia. Her var det matpause og orientering om flaumsikringsarbeidet før vi gjekk over brua og til bilane på Kvennbø. På turen var vi så heldige at vi hadde med Lars Polden som guide.
Les heile saka
Mai betyr at sommaren for alvor nærmer seg, naturen blir igjen grønn etter vinteren og det begynner å bli bart på fjellet. Dette bærer denne månadens kandidatar preg av. Send også inn nye bilder til dagens bilete!
Les heile saka
Ein elg gjorde ein lynvisitt til Todaløra tysdag kveld. Den kom over fjorden, sikkert frå Stranda, og gikk på land på Halsetøran. Derfrå bar det innover øran og til Øraekra og vidare over elva mot Bordholmen. Derfra i retning Halsabrua og vidare mot Oddøya til den kom bort i skogen der. Det var Terje Nordvik, saman med tyske turistar frå Todalen Brygge, som gjorde observasjonen og som tok bilde av elgen. Stor opplevelse både for fastbuande og turistar!
Tirsdag den 31. mai arrangerte Eldremiddagen sin siste middagsservering i Sanitetshuset før sommeren, med skinkesteik og fruktsalat på den gode menyen. For å feire litt ekstra at den lyse og varme årstida nå står foran oss, har vi som en god skikk at vi avslutter denne dagen med en tur på “bygda” for kaffe og kakespising. I år var turen lagt til Elvestad, hvor Reidun og Reidar var verter. Oppmøtet var stort, til sammen 31 deltakere med kokkene!
Les heile saka
Hjortmerk er eit merke- og utviklingsprosjekt for hjort, lokalisert til Nordmøre og Sør-Trøndelag. Det har gått føre seg i perioden 2006-2010, og i løpet av prosjektperioden har det vært merka 474 hjort, der tilsaman 156 dyr har vore utstyrt med GPS halsband. No skal det arrangerast sluttkonferanse for å oppsummere resultatet av denn forskninga. Det går føre seg i Storstua på surnadal kulturhus onsdag 8. juni 2011, kl. 10.00 – 15.30. Alle som er interessaert er velkomne til å delta på konferansen som kostar kr 200 med servering av lunch inkludert.
Les heile saka
Natt til onsdag, nærare bestemt kl 00.00, starta laksefisket i Surna. Det tok ikkje lange stunda før den første laksen vart landa, og fleire fulgte hakk i hel utover natta og morgontimane. I Surna startar fisket 1. juni i år, og varer til 31. august, medan fisket i Toåa og Bævra startar 15. juni og går til og med 15. august. Altså ein månad kortare i Toåa enn i Surna. I Søya er fisketida 15. juni til 31. juli i år. I dei fire lakseførande elvane i Surnadal gjelder desse tidene for såkalla anadrome fiskelag, altså både laks og sjøaure.
Les heile saka
Det heile starta fint og pynteleg, då dagens lagseriestevne byrja på Bordholmen i ettermiddag. Ungane hoppa lengde både med og utan tilfart før dei fortsette med liten ball og 60 meteren. Det var ikkje på det aller meste med ungar som møtte, men dei som kom fikk i allefall litt lett underhaldning.
Les heile saka
No som sommaren er komme, flyttar gubbetrimmen ut og blir fotballtrim. Det blir dermed fotballtrim kvar onsdag kl 20.00 framover på Bordholmen. Om det blir lite folk, blir det flyttet til ballbingen. Aldersgrensen er konfirmert og opp.