Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
MøreTre søkjer etter ledar til Elementavdelinga

MøreTre søkjer etter ledar til Elementavdelinga

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. september 2010

Talgø-bedrifta Møretre i Surnadal søkjer etter ledar til elementavdelinga. Dei er ute etter ein person som skal lede salget og produksjonen av element til landbruksbygg, garasjar og støyskjermar m.m. og kontorstad er på MøreTre sitt anlegg i Surnadal.

Les heile saka

Bygdadag med jubileum

Bygdadag med jubileum

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. september 2010

Laurdag er det bygdadag i Halsa. Det skjer i og rundt Halsahallen på Vågland, og dei har eit rikhaldig program med utstillingar, konkurransar, mat og underhaldning. Det er 10. gong dei arrangerer Halsadagen og programmet har aldri vore meir omfattande enn i år. Kjøreavtstand frå Todalen til Vågland er er ca 65 km og tek ein times tid. Program for Halsadagen finn du her. Du finn også informasjon på nettstaden www.ihalsa.no.


Eldremiddagen medlem i Todalen.no

Eldremiddagen medlem i Todalen.no

Jon Olav Ørsal Fredag 3. september 2010

Sekretær i «Eldremiddagen» Martinus Torvik skriv i ein e-post til oss at dei ønskjer å bli medlem i Todalen.no. Det takkar vi for, og ønskjer dem velkomne som medlemar! Vi har no etter kvart vorte mange og fleire er i kjømda. Eldremiddagen starta på igjen etter sommarferien sist onsdag, og da var dei 20 i talet som var samla i Sanitetshuset til bacalao, og kaffe etterpå.

Les heile saka

Seier for G14 borte mot AK/KHF/Gry.

Seier for G14 borte mot AK/KHF/Gry.

Knut Haugen, IL Søya Torsdag 2. september 2010

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G14 tok en fortjent borteseier mot AK/KHF/Gry på Bruhagen kunstgress onsdag kveld.
Vi tok ledelsen allerede etter 1 minutts spill, da Ørjan Nes Haugen headet inn en fin corner fra Håkon Vang Aas. De første 10 minuttene såg det ut til å bli enveiskjøring, da averøyingene nesten ikke var over midtbanen.

Les heile saka

Klubbkveld

Klubbkveld

Marte Talgø Onsdag 1. september 2010

I kveld var endeleg bordtennisbordet på plass. Etter ein rask montering var det full aktivitet omkring i klubben, kiosken var også i full sving. Vi satsar no på onsdagar framover og om det kjem mykje folk kan vi også utvide til to dagar i veka. Håper enda fleire tek turen til Bordholmen neste onsdag 8. september.
Vi opnar døra klokka 18:00 og held det gåande til 21:30. Neste gong er det ganske sannsynleg at biljardbordet står klart med alt nødvendig utstyr. Kiosken vil ha eit større tilbod og vi legger frem fleire brettspel. Om det er noko du lurer på er det berre å ta kontakt med Marte Talgø på telfon 98096071.
Tekst: Endre Talgø Foto: Marte Talgø og Inga Husby

Les heile saka

Zumba også i Todalen.

Zumba også i Todalen.

Elinor Bolme Onsdag 1. september 2010

Måndag kveld er det moglegheiter for å kunne prøve zumba også her i Todalen. Ein gjeng trimlystne damer har vore i kontakt med Thatianny for å laga eit lite innføringskurs for interesserte. Og Thatianny sa seg villig til å lære bort denne no utruleg populære trimforma.

Les heile saka

Årsmøte i Halsesamlinga

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. august 2010

Onsdag 8. september kl 19.30 held Halsesamlinga almannamøte i Gammelskulen. Samtidig er det også høve til å sjå seg rundt i Halsesamlinga, og det blir enkel traktering på møtet. Alle todalingar har møterett til almannamøtet, som følgjande saker på saklista:

  • Årsmelding
  • Årsrekneskap
  • Val av revisor
  • Flytting av Halsesamlinga til biblioteket ved Todalen skule
  • Legge Halsesamlinga inn under Todalen Historielag
  • Innkomne saker
  • Det er høve til å melde inn saker til styret v/Ragnhild Ansnes Moe innan 31. august.


    Medlemsmøte i Saniteten

    Medlemsmøte i Saniteten

    Jon Olav Ørsal Tysdag 31. august 2010

    Tysdag 7. september startar Todalen Sanitetsforening på igjen med medlemsmøte. Det skjer i Sanitetshuset og startar kl 19.30, og dei ønskjer både nye og gamle medlemar velkomne. Foreninga har fått mange nye medlemar dei siste åra, men det er plass til enda fleire, seier sekretær May Elisabeth Holten til Todalen.no

    Les heile saka

    Er du klar….

    Er du klar….

    Elinor Bolme Måndag 30. august 2010

    …for jaktsesongen? , spør Surnadal velværesenter. Todalen.no har fått spørsmål om ikkje vi kan hjelpe til med å utfordre jaktlaga i Todalen til å bli mest mogleg i form til jakta. Velværesenteret har difor lagt opp til at interesserte jegarar kan konkurrere jaktlaga i mellom.

    Les heile saka

    Familiedag for store og små sist laurdag

    Familiedag for store og små sist laurdag

    Jon Olav Ørsal Måndag 30. august 2010

    For dei vaksne var det nok vandringa med Jon Bojer Godal som fanga størst interesse, medan dei små var mest interessert i dei 7 lamaene som gikk på beite nedmed naustet i Svinvika. Det var Todalen historielag i samarbeid med Stangvik historielag som arrangerte familiedagen i Svinvika, og Jon Bojer Godal ga oss ei interessant inføring i gamle byggeskikkar på vandringa mellom dei gamle husa i Svinvika. Det er i dag 25 hus som høyrer til garden, og mange av dei er riktig gamle.

    Les heile saka

    Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.

    Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.

    Elinor Bolme Sundag 29. august 2010

    Dei ivrigaste starta allereie i halv 9-tida, men det var eit jamnt tilsig vidare utover formiddagen. Leiar i trimgruppa Jostein Bruset kunne beretta om god deltagelse, betre enn i fjor. 130 personar frå 1 år og oppover tok søndag turen frå Bordholmen, over Vardane til målgang på Leikvoll. Og det med vergudane på si side vart det så og seie blå himmel etter at skodda til slutt letta.

    Les heile saka

    Stavganggruppa på Storhaugen

    Stavganggruppa på Storhaugen

    Jon Olav Ørsal Fredag 27. august 2010

    Frå Randi og Vidar Sogge har vi fått bilde frå Stavganggruppas tur til Storhaugen torsdag. Dei starta frå lunningsplassen oppi Brusetbotnå og gikk opp etter skogsvegen som går opp til Skarsmyra, og vidare utover igjen til trimposten på Storhaugen. Derifrå er det ein flott utsikt utover Todalen, og den var det mange som vart imponert over. På Storhaugen vart det fotografering, og sjølvsagt tid for å nyte niste og ein kaffedråpe frå termosen. Nedatt gikk turen etter turstien som kjem ned like ovafor lunningsplassen.

    Les heile saka