Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stiller ut på Nasjonalmuseet

Stiller ut på Nasjonalmuseet

Jon Olav Ørsal Fredag 16. september 2011

Vi har fått e-post fra Toril Redalen, der hun forteller at hun er kommet med på utstillingen i år også. Lørdag 17. september åpner ustillingen, og Toril inviterer alle todalinger i Oslo-traktene til åpning, så her er det bare å stille opp! Toril skriver i e-posten: «Hei! Jeg kom med i år og! Kan dere invitere alle todalinger i Oslotraktene på åpning? På grunn av ærefullt juryarbeid for Nordmørsutstillinga i morgen kan jeg ikke dra selv, men om noen todalinger i Oslo har tid til å «representere», så blir jeg glad! Utstillinga står til desember, så folk har god tid på seg! Verket som ble antatt heter «Multitask», og er en installasjon i porselen, tre og tekstil.» Hermed er du invitert!

Les heile saka

Tur til Storslettet fellesbeite

Tur til Storslettet fellesbeite

Jon Olav Ørsal Fredag 16. september 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag la torsdag 15. september turen til Fellesbeita i Surnadal. 38 mm regn på onsdag og 32 mm om torsdag gav ikkje dei største forventningane til ein vellukka stavgang-tur. Men der tok vi feil! 21 vart med på turen, og det var på det næraste opphaldsver på både oppovertur og nedovertur. Målet for turen var den romslege hytta brukt av røktarane i Fellesbeita. Gunnhild Mogstad hadde drege opp i førevegen og fyra opp i omnen, og det var godt og varmt da resten omsider kom etter.

Les heile saka

Månadens bilete: Gutane i Trollheimen

Månadens bilete: Gutane i Trollheimen

Ole Petter Talgø Torsdag 15. september 2011

For august kan vi gratulere Sondre Halset som vinnar av månadens bilete. Biletet Gutane i Trollheimen kapra 60 av dei 196 stemmene som kom inn. Vi gratulerer, og lovar at premien blir overlevert snart.

Les heile saka

150-års jubileumsmarkering

150-års jubileumsmarkering

Elinor Bolme Torsdag 15. september 2011

Førstkommande søndag blir det 150-års feiring av Todalen Kyrkje. Det heile startar med gudsteneste klokka 11.00 der både biskop og prost vil delta. Etter gudstenesta er det ope hus i Todalen Ungdomshus, der det vil bli servert middag med dessert, kaffe og kaker rett etter gudstenesta.

Les heile saka

Runda av sykkeltrimmen for i år

Runda av sykkeltrimmen for i år

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. september 2011

Onsdag kveld var siste kveld med sykkeltrim på Bordholmen. Med unnatak av ferietida har det vore sykkeltrim annakvar onsdag i sommar. Tilsaman har det vore 7 kveldar og over 150 deltakarar, noko trimgruppa er godt nøgd med når ein tek omsyn til at det har vore fleire regnverskveldar på terminlista. Ei gulrot for å få […]

Les heile saka

Oppstart strikkekaffe

Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Onsdag 14. september 2011

Laurdag 17. september blir det igjen oppstart av strikkekaffe. Det er Todalen Sanitetsforening som har regien på denne, men dei melder om at ein hverken treng vera medlem i foreninga eller ha med seg handarbeid for å delta. Derfor har dei like så godt døypt den om til å kallast «Fredrikkekaffen» etter grunnleggaren til NKS; Frderikke Marie Qvam. Litt av bakgrunnen for namneendringa er at det ikkje skal væra noko krav om handarbeide eller liknande kunstferdige sysslar, men det skal vera gleda over å treffast og trivast i lag som skal vera drivkrafta.

Les heile saka

Sesongslutt for sykkeltrimmen

Sesongslutt for sykkeltrimmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. september 2011

Onsdag kveld er det siste kveld med sykkeltrim, og da blir det også trekning i trimlotteriet som har pågått medan sykkeltrimmen har vore arrangert i sommar. Det blir trekning ca kl 19.30 etter at sykkeltrimmen er ferdig. Elles blir det open kiosk med salg av kaffe, brus og bakels med meir. Kom og bli med på siste sykkeltrimmen, oppfordrar trimsjef Jostein Bruset!

Les heile saka

Soknerådsvalet klart

Soknerådsvalet klart

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. september 2011

I seine nattetimar vart resultatet av soknerådsvalet i Todalen klart. Det skulle velgast 2 nye representantar for 4 år, og det vart Ildri Sjøland Øyen og Knut Halset som vart faste medlemar i soknerådet. I tillegg har dei med seg Terje Nordvik og Signe Grønmyr som har 2 år att.

Les heile saka

Reint fleirtal for Mons?

Reint fleirtal for Mons?

Ole Petter Talgø Tysdag 13. september 2011

Arbeiderpartiet har gjort eit godt valg, og det føreløpig resultat tyda på reint fleirtal den neste perioden. Med ei oppslutning på 48,3 % betyr det at dei kunne kapre 14 av 27 kommunestyremandat. Fintellinga av stemmene avslørte at AP ikkje får reint fleirtal, då SV no er inne med eit mandat i kommunestyret.

Les heile saka

E-post til todalen.no

Ole Petter Talgø Tysdag 13. september 2011

Under flyttinga av server, tyder mykje på at overføringa av e-postadressa vår; red@todalen.no, ikkje er blitt ordna. På grunn av dette, ber vi dere bruka todalenno@gmail.com for å komme i kontakt med oss inntil vi får forsikra oss om at alt er i orden.

Kontaktskjemaet har ikkje vore i orden den siste veka, men skal fungera no. Vi ber alle som har prøvd å senda inn bilete etter 6. september om å senda inn på nytt, og beklagar problema.


Det nye PT-utvalget

Det nye PT-utvalget

Elinor Bolme Måndag 12. september 2011

Då har avtroppande PT-utvalg talt opp sine 140 innkomne stemmer, og kan dermed presentera det nye styret for dei 4 kommande åra:

Les heile saka

Valgpuls

Valgpuls

Elinor Bolme Måndag 12. september 2011

Valg var det på alle kantar på og rundt Todalen skule i dag. I alle dei tre valglokala rundt om meldte dei om særledes godt oppmøte. Og i det fine haustveret som var hadde like så godt det avtroppande PT-utvalget sett seg ute på plena med sine stemmesedlar. Så her var det nok ikkje mange som ikkje stemte fordi dei ikkje var synlege i allefall.

Les heile saka