I helga har det vore WorldCup-satsing for landslaget i randonee – laurdag var det sprint som stod på programmet, og det vart ein stor dag for dei norske deltakarane klarte å kvalifisere seg til kvartfinalen. I klasse menn senior deltok Hans Inge Klette (13.-plass), Erik Kårvatn (24.-plass) og Trym Dalset Lødøen (28.-plass) – her var det 76 deltakarar. I dameklassen startet Ida Waldal, som hamna på ein 37.-plass og kom ikkje med vidare.
Les heile saka
Laurdag 15. mars var ein ideell dag for arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.
Les heile saka
Det var stor interesse for å lære om poding av frukttre, da Svinviks Arboret arrangerte podekurs laurdag ettermiddag. Det kom faktisk eit trettitals deltakarar både frå fjern og nær for å ta del i kurset som faktisk har vorte ein årleg happening i arboretet. Instruktørane på kurset var Sven Olav Svinvik, Ola Bruset, og den nye museumsgartnaren Patrik Nilsen.
Les heile saka
Det blir igjen «bøt og betring» i Skulstuå, tysdag 18.mars kl.18. Triveleg treffstad for å slå av ein prat samstundes som ein får bøta klede, som får lengre levetid. Igjen ein kveld der berekraft har fokus:) Spelekroken er og klar med kort, yatzy og kinasjakk. Sal av kaffe og gode kaker.
Venner av Skulstuå ynskjer alle hjarteleg velkomne!
I ei pressemelding frå Alti no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Alti har fått «Bærekraftprisen» for andre år på rad. Prisen vart utdelt på Retail Arena i går kveld. Retail Arena er Norges største konferanse for handel. Under konferansen fekk altså Alti Forvaltning/Aurora Eiendom tildelt «Bærekraftprisen».
Les heile saka
Salmekonsertar fyller mange av landets kyrkjer for tida. Som lokal pådrivar inviterer koret P17 onsdag til songkveld i Todalen kyrkje. – Her svingar det stilmessig frå bedehus og søndagsskule til Mozart og Beethoven, seier styret i koret.
Les heile saka
Tysdag kveld hadde KNT – Kristiansund- og Nordmøre Turistforening sitt årsmøte i Kristiansund. Foruten vanlege årsmøtesaker var det tid for skifte av leiar som stod på agendaen – etter 28 år med leiarklubba så nytta Eirik Gudmundsen høvet til å takke av frå dette vervet.
Les heile saka
I siste halvdel av mai blir den 13. utgåva av Surnadalsmagasinet distribuert til alle husstandane i Surnadal, Rindal, Sunndal, Tingvoll, Heim, Aure, Smøla, Orkland, Rennebu, Oppdal og Kristiansund kommunar. I år er første gongen magasinet også blir distribuert i Kristiansund.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 15. mars tida frå kl. 13:00 til 16:00.
Les heile saka
Surnadal bibliotek inviterer onsdag 19. mars klokka 19:30 til spennande forfattarmøte med TV-profilen Arill Riise i Surnadal frivilligsentral sine lokaler i Fiskegården på Skei. Det er gratis inngang, og det blir høve til å kjøpa signerte utgåver av Arill Riise si bok «Der ingen var einsam».
Les heile saka
No er det tid for ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie tysdag 18. mars.
Les heile saka
Søndag 16. mars kjem gospelkoret Gospelexplosion frå Trondheim med sine seksti medlemmer og dirigent Leif Ingvald Skaug på besøk til Ranes og Stangvik kyrkjer. Her blir det feiande flotte rytmar, skikkelig «sørstatsgospel» og gode moglegheiter for «sing-along» (allsang).
Les heile saka