Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Ny lyssetting
Mange som har passert Todalen Kyrkje i den seinare tida, har mest truleg lagt merke til at det har vorte nye utelys ved kyrkjegardsmuren. Dei gamle har vorte erstatta av nye i ein litt anna fargenyanse enn dei som var der før. Før ein vart vant til dei, minna det mesta om skinet frå eit bål i seine sommarkveldar. Men med det sure veret som har vore i de siste vekene så vart det reint så stemningfsfullt med preg av haust…
Les heile saka
Stronk å strakja!
Tone Søyset Døving var overvelda over at Todalen kyrkje i kveld var fullsatt, med bortimot 180 frammøtte som hadde teke turen for å oververa konserten med henne og Trygve Brøske. Det vart ei reise med Tone som artist gjennom 30 år, med den spede start som 6 åring i nettopp Todalen Kyrkje og fram til notidas opptredenar av ymse slag. Ho har ved tidlegare høve hatt mange opptredenar i nettopp Todalen Kyrkje, men i kveld med sin aller første solokonsert.
Les heile saka
Toneklang – konsert i kyrkja i kveld
Tone Søyset Døving og Trygve Brøske er todalsaktuell til helga. Søndag 10. juli kl 19.30 held dei konsert i Todalen kykje. Konserten er ein del av jubileet til Todalskyrkja som i år feirar 150-årsjubileum gjennom heile året. Sist søndag kveld hadde vi Tone på tråden frå Hakadal, der ho bor, og ho kunne fortelje at ho gler seg til […]
Les heile saka
Fredrik fikk namn…
Søndag var det høgmesse med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Etter gudstenesta var det dåpshandling, der lille Fredrik fikk sitt namn. Her er familien Myrvang/Sogge avbilda sammen med sokneprest Bernt Venås under dåpshanlinga. Vi i Todalen.no gratulerer!

Allsongkveld – Tonar under kyrkjetårn
Allsongkvelden – Tonar under kyrkjetårn samla mange tilhørarar i Todalen kyrkje pinsaftan. Etter at pinsehøgtida var ringt inn starta allsongkvelden med innmarsj med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor med Grautmarsjen. Dirigent og kromtapp for heile arrangementet, Bernt Bøe, ønska velkomen og leia allongkvelden på ein framifrå måte og krydra programmet med gode historier. Det var nok mange gode songarar tilstades i kyrkja denne kvelden, for aldri har nok allsongen ljoma så fint i kyrkja som denne kvelden.
Les heile saka
Hugs! Allsong i 150 år – Todalen kyrkje i kveld
Vi minner om allsongkvelden i Todalen kyrkje i kveld kl 18.00. I spissen for eit variert program står Knut Iversen, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor. Kor og musikkensemble vil også urframføre «Folketonemesse» – laga av organist Bernt G. Bøe. Dette verket er laga over folketonar fra Todalen i høve kyrkjejubileet. Allsongkvelden er ein del av både […]

Vårsøgkonsert i Todalen kyrkje – Tonar under kyrkjetårn
Med “Tonar under kyrkjetårn” på pinseaftan (laurdag 11. juni) markerer 150-årsjubilanten Todalen kyrkje dei unike songtradisjonane i bygda. Forsamling, solistar, kor og instrument framfører songperler frå kyrkje, heim og skule. Solist Knut Iversen, Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og ei musikkgruppe går saman med forsamlinga i eit program der allsongen sikkert vil “stå i taket” på ekte todalsvis. I gruppa spelar Runa Tunheim fele, Peder Hønsvik trekkspel, Gro Løfaldli bass og organist Bernt G. Bøe tasteinstrument.
Les heile saka
Fin konfirmasjonsgudsteneste
Det var nærare 120 tilhøyrarar tilstades i Todalen kyrkje da Inga Husby, Kristine Svinvik og Brage Hauglann Talgø vart konfirmert søndag 15. mai. Sokneprest Bernt Venås heldt ei fin preike til konfirmantane, med framtid og von som hovudtema. Han sa mellom anna at det er mykje å gle seg til når ein blir vaksen, men at det er viktig at ein styrer livet sjølv.
Les heile saka
Stor dugnadsinnsats
Måndag kveld var det dugnad på kyrkjegarden, og med Terje Nordvik som hovedbas gjekk det som på skinner. Lista hans var lang, men sidan rundt 30 personar møtte opp gjekk det jaggu unna. Heile kyrkjegarden vart raka, inngangspartiet kosta, svokk ifylt, kyrkjemur oppretta for å nemne noko.
Les heile saka
Dugnad på kyrkjegarden
Måndag kveld er det tid for å drive litt våronn på kyrkjegarden. Da er det dugnad for å rette opp skeive gravstøtter, rydde og rake etter vinteren og pynte opp litt til konfirmasjon og 17. maifeiring. Det er sokneråd og kyrkjeverje som er arrangør, og dei oppfordrar folk til å ta med rive, trillebår, spett […]

Triveleg stund på Haugligardane
Friluftsgudstenesta på Haugligardane vart ei fin og triveleg stund for dei 60-tals tilhørarane som møtte fram. Det var sokneprest Lene Gåsvatn frå Rindal som heldt gudstenesta, og Todalskoret med dirigent Bernt Bøe var som vanleg på plass og sørga for flott korsong og forsterking av korsongen under gudstenesta.
Les heile saka
Friluftgudsteneste på Haugligardan
2. påskedag er det friluftsgudsteneste på Haugligardan kl 12.00. Todalskoret deltek. Offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen. Etterpå blir det grilling og aktiviteter i samarbeid med T.I.L. trimgruppa.