Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Godt oppmøte gav effektiv dugnad
I kveld var det dugnad på kyrkjegarden. Langt over 30 mann stilte på rydding og fliing til vårs, og helgas konfirmasjon. Og med tanke på at snøen låg på plenene i dag tidleg gjekk likevel alt som planlagt.

I kveld: Dugnad på kyrkjegarden
Det er tradisjon å rydde vekk og ordne etter vinteren på kyrkjegarden før konfirmasjonshelga. Onsdag 26. april kl 18 møtes vi på kyrkjegarden og tek med oss river, spader, trillebårer og anna egna utstyr, melder soknerådet i ein e-post til Todalen.no

Temagudsteneste i Stangvik
Konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard har sentrale roller i søndagens kveldsgudsteneste i Stangvik-kyrkja. Gjennomgåande tema er Jesu liv og gjerning – framstilt med drama, rørsle, lesing, solosong og allsong. – Dette er ei gudsteneste for alle – slett ikkje berre for konfirmantar, understrekar prest Torbjørn Brøske, som har utarbeidd ni scener frå Jesu liv som utgjer midtdelen i den elles vanlege liturgien

80 på friluftsgudsteneste som vart Lives dag…
Festdag for Live Svinvik som vart båren til dåpen under friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Litt nysnø som kom natta før var forsvunne som dugg for sol, og folket kosa seg i finvêret.

Hundre prosent oppmøte!
Søndag 2. april var det utdeling av «Mi kyrkjebok» til 6-åringane i Todalen sokn. Alle dei fem seksåringane var møtte fram for å ta imot boka si – altså 100 %, det tykte Torbjørn prest var riktig kjekt.

Vatn både gjev og tek liv
Akkurat no er det ei kritisk tørke i fleire afrikanske land. Over 660 millionar menneske må drikke ureint vatn. Den 4. april kl 17 skal Todalen kyrkjelyd gjere sitt bidrag når Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp feirar 50 år.

Gudsteneste med 6-årsbok og kyrkjeskyss
Førstklommande søndag er det igjen gudsteneste i Todalen kyrkje. Da er det utdeling av 6-års bok og soknerådet oppfordrar derfor fadrar og besteforeldre til å ta fylgje med barn og foreldra til
kyrkja.

Mange takk til Bernt og Bernt!
Både sokneprest Bernt Venås og organist Bernt Bøe avslutta i løpet av hausten 2016 tenesta si i Stangvik prestegjeld. Søndag kveld var det tid for å gi dei stor og velfortent takk etter lang, trufast og god teneste.

Gudstjenester 1. halvår
Også soknerådet i Todalen ha sendt over sine aktivitear som de no finn i aktivitetskalenderen.

Nyttårsgudsteneste – Bernt Venås takkar av som sokneprest
Nyttårsgudstenesta på nyttårsaftan markerte på mange måtar eit skille. For det første blir kyrkja fristillt frå staten frå årsskiftet, og det gjer at det blir ei likestilling mellom alle tru- og livssynssamfunn i den norske stat. I samband med denne prosessen sluttar vår sokneprest gjennom dei siste 28 åra, Bernt Venås (59) , og fråtrer si stilling som sokneprest i Stangvik prestegjeld.

Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje
Nyttårsaften – 31. desember kl. 16:00 – er det gudsteneste i Todalen kyrkje med sokneprest Bernt Venås. Dette blir ei litt spesiell gudsteneste, da vi tek avskjed med sokneprest Bernt Venås som etter så mange års teneste sluttar no til nyttår. Det blir offer til Todalen Sanitetsforening.

La lyset vere både varmen og vegen
Kveldens tema under lysmessa i Todalen kyrkje var naturleg nok lys. Inne i kyrkjerommet var det dempa belysning, tente lys og høve til å senkje skuldrene eit par hakk ein times tid. Adventstida er ei tid for refleksjon og undring. Lysmessa er ei fin og litt annerledes gudstjeneste. Prest Bernt Venås hadde god hjelp til gjennomføring av kveldsgudstjenesta av konfirmantar både frå Todalen og Stangvik denne kvelden.