Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Måndag er det kyrkjegardsdugnad
Todalen sokneråd inviterer til dugnad på kyrkjegarden komande måndag 28. april frå kl 18:00 og utover. Da skal vi pynte opp både utvendig og innvendig, fortel Borghild Talgø som er leiar i Todalen sokneråd. Derfor oppfordrar ho til å ta med høveleg utstyr både til hagearbeid og reinhald inne.

Lang tradisjon med friluftsgudsteneste og godvêr på andre påskedag
Friluftsgudstenesta har lang tradisjon i Todalen – først i mange år på Haugligardane og no i fleire år på Tjønnmyran, slik som i dag. Og tradisjonen er mesta like lang med finvêr på 2. påskedag, sjølv om det kom 4-5 småe regndropar da folk var på tur oppover bakkane til Tjønnmyran. Men dei vart aldri meir enn nokre få. Eit femtital fann vegen til friluftsgudstenesta på Tjønnmyran i dag, og det vart ein triveleg dag, sjølv om sola glimra med sitt fråvær – det var god temperatur og omtrent ikkje vind, og da blir det da bra.

I dag: Friluftsgudsteneste på Tjønnmyrann
Todalen Sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyrann 21. april (2. påskedag) klokka 12:00. – Vi håper både på mye folk og godt vær, seier sokneprest Pål Arne Winsnes.

Stor givarglede under årets «fasteaksjon»
Takk for støtta til årets «fasteaksjon»! Takk også til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som gjorde ein stor innsats for årets «fasteaksjon» tysdag 8. april, seier Gro Hauge Venås, på vegne av Kirkens Nødhjelp og årets «fasteaksjon»

Ta god imot bøssebæararane på tysdag
Tysdag 8. april frå klokka 17:00 vil årets konfirmantar og representantar frå Todalen Sokneråd besøke alle husstandane i Todalen, for å samle inn pengar til årets utgåve av Kirkens Nødhjelp sin «fasteaksjon».

Fekk skryt for salmesongen under gudstenesta
Sokneprest Pål Arne Winsnes ga uhemma skryt for salmesongen under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Eit førtitals tilhøyrarar stod for samlesongen saman med ei gruppa frå P17-koret som deltok som forsongarar. Dagens gudsteneste vart TV-overført via YouTube, og dersom du vil sjå gudstenesta kan du berre gå til linken her.

Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag
Todalen Sokneråd inviterer søndag 30. mars klokka 11:00 til gudsteneste i Todalen kyrkje. Her blir det mykje song og musikk, og det skal syngast kjende og kjære songar, seier sokneprest Pål Arne Winsnes.

Du kan gjere ein forskjell!
Kirkens Nødhjelp sin årlege «fasteaksjon» står for døra, og med ei verd som er urolegare enn på lenge, med krigar, konfliktar, politiske spenningar og klimaendringar, så er vår hjelp gjennom å bidra til innsamlingsaksjonen viktigare enn nokon gong!

Salmekonsert – på øvingskveld med P17-koret
Onsdag kveld inviterte P17-koret til salmekonsert i Todalen kyrkje, med eit rikt program med salmar av alle slag – «songperler året rundt» hadde dei kalla det i prorammet. Denne kvelden var koret forsterka med Turid Røen Kroknes og med Tove Elin Strand på fløyte. Her fikk vi ein fin variasjon av alle slags salmar frå salmeboka og altså framført som korsang.

Svingande rytmer og godlyd på gospelkonserten
Det svinga frå fotballpausemuikk til gudstenestemusikk da gospelkoret Gospel Explosion Trondheim gjesta Stangvik kyrkje med sin konsert i går kveld. Tilsaman var det eit 50-tals korsongarar som deltok i korsongen i kyrkja og du verden det var flott å være tilhørar – her var det berre å nyte korsongen i langdrag.

Salmekonsert i Todalen – Klassisk og folkeleg
Salmekonsertar fyller mange av landets kyrkjer for tida. Som lokal pådrivar inviterer koret P17 onsdag til songkveld i Todalen kyrkje. – Her svingar det stilmessig frå bedehus og søndagsskule til Mozart og Beethoven, seier styret i koret.

Klart til fasteaksjon – Håp i ein dråpe vatn
Nest etter NRKs årlege TV-aksjon står Kirkens Nødhjelp bak landets største veldedige pengeinnsamling. Under årets dør-til-dør-aksjon tysdag 8. april får heimane besøk av konfirmantar og andre med dei velkjende bøssene. Kontaktar for sokna i Surnadal var torsdag samla til informasjon og henting av materiell. Konfirmantar og vaksne blir inviterte til «pep-talk» fredag 4. april.