Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Todalen sokneråd 2023 – 2027

Leiar: Borghild B. Talgø

Nestleiar: John Moe

Kasserar: Ola Bruset

Medlem: Anita Talgø

Sekretær: Rune Moe

Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 25. oktober 2023, 17:45

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Nystussa kyrkjegard med dugnadsinnsats

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. juni 2021

Torsdag kveld var det «kløppardugnad» på kyrkjegarden i Todalen.  Heile kyrkjegarden vart pussa opp – først med traktorkløppar og så finpuss rundt gravstøttene, kyrkjegardsmuren og blomsterbeda.


Vårsongkveld i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juni 2021

I går kveld var det vårsongkveld i Todalen kyrkje. Når sant skal seiast, så har vi akkurat gått inn i sommarmånadane, både på kalenderen og temperaturmessig, men namnet skjemmer som kjent ingen, og det vart ein fin songkveld med både allsong og solonummer! Eit lite trettital hadde «trossa» finvèret og teke turen til kyrkja, noko dei ikkje angra på. 


«Slåttedugnad» på kyrkjegarden torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. juni 2021

Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, informerer om at det blir «slåttedugnad» på Todalen kyrkjegard torsdag 3.juni klokka 18:00. Det må slåast gras mellom greftene og langs med murane, der  «slåttakarane» ikkje kjem til med graskløpparen når dei slår kyrkjegarden. Så han oppfordrar difor til at folk tek med seg kantkløppar på dugnaden. 


Vårsong i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. juni 2021

No er det lenge sidan det har vore arrangert konsertar og andre arrangement i Todalen kyrkje. Men onsdag 2. juni klokka 19.00 gjer Todalen sokneråd noko med dette og inviterer til songkveld. 


17.maigudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. mai 2021

17.mai var det, tradisjon tru, 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske var hyra inn som prest, medan Ronny Kjøsen trakterte orgel og trekkspel. Rundt tretti personar hadde møtt fram, så det var ikkje noko problem å handheve smittevernreglane. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, ønskte kyrkjelyden velkomne til 17.maigudsteneste.  


Program 17.mai i Todalen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. mai 2021

Da er 17.mai programmet for Todalen 2021 klappa og klart. På grunn av gjeldande smittevernreglar blir feiringa i år òg tilpassa dette. Tradisjon tru blir det biltog og gudsteneste. Feiringa tek til med flaggheising og song på Matkroken klokka 11:00. Umiddelbart etter flaggheisinga startar biltoget. 17.mai-komiteen oppfordrer alle til å møte i god tid før flaggheisinga. 17.mai-komiteen vil vere tilstades og dirigere trafikken og organisere biltoget.  


Vatningsutstyret er framsett på kyrkjegarden

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. mai 2021

Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldens, kan fortelje at vasskannene for å vatne på greftene på kyrkjegarden no er framsett. Alt anna hageutstyr som soknerådet eig, kan førebels ikkje nyttast på grunn av gjeldande smittevernreglar. Så slikt utstyr må ein difor ta med seg sjølv. 


Mykje folk på kyrkjegardsdugnad

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. mai 2021

I kveld var det dugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Over 50 hadde møtt opp, så dugnaden vart unnagjort på ein stor time. Kyrkjegarden vart raka, kyrkja vaska utvendig og somme gravsteinar, som hadde blitt skeive på grunn av tælen gjennom vinteren, vart retta opp att. 


Tysdag kl 18: Vårdugnad på Todalen kyrkjegard – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 2. mai 2021

Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes inviterer til tradisjonell vårdugnad på kyrkjegarden.  Det skjer tysdag 4. mai kl 18:00.  Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad  – blir vi mange, så er det fort unnagjort!


Fasteaksjonen med godt resultat i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. april 2021

Dei lokale sokneråda og Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon var for andre året på rad digital. På landsbasis vart det samla inn godt og vel 17,6 millionar unders årets fasteaksjon, mot 25,1 millionar i fjor. Midlane frå innsamlinga går til å skaffe tilgang til reint vatn for menneske i fattige land. Dette er eit arbeid Kirkens Nødhjelp har drive med i over 60 år, og som dei difor har gode kunnskapar om. 


Digital høgtidsgudsteneste frå Øye kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. april 2021

Sjølv om alle gudstenester, med fysisk oppmøte, er avlyst denne påska, er det mogleg å få med seg lokale høgtidsgudstenester digitalt. I tillegg sender NRK gudstenester både på TV (NRK!) og i Radio (P1) no klokka 11:00.


Støtt Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin digitale fasteaksjon

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. mars 2021

Som ein direkte konsekvens av smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen, er Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin tradisjonelle Fasteaksjon digital i år ôg, slik som i fjor. Fasteaksjonen er Norges andre største innsamling, og har vore arrangert i meir enn 50 år. Tidlegare år er det konfirmantane som har stått for  bøssebæringa. I fjor vart innsamlinga heildigital, slik den òg blir i år. Kristian Gjeldnes, leiar i Todalen sokneråd, fortel at dei har eit mål om å samle inn 5.000,- kroner i Todalen sokn. Han håper difor på god respons på den digitale innsamlingsaksjonen.