Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.
Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.
Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet
Leiar: Solveig Glærum
Nestleiar: Ingri Pedersen
Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe
Sekretær: Steffi Bohle
Styremedlem: Åse Ville Redalen
Varamedlemer: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal
Omsorgsberedskap: Ingrid Pedersen
Husstyret: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø.
Ta kontakt med Synnøve Hole Talgø på telefon 907 00 429 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.
Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening

Løftatur i dag
I dag går den årlege Løftaturen i regi av Todalen Sanitetsforening av stabelen. Også i år blir det natursti med overaskelsar ved postane, melder sanitetsforeninga. Barnehagen er i år spesielt inviterte, då dei får overrekt ei gåve frå Saniteten denne kvelden. Dei er inviterte ein halv time før, i tilfelle dei treng litt lengre tid […]

Vekas kampar
Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, skal vere til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.
Vekas kamper er i følge banekalenderen som følgende:
Les heile saka
Førstehjelp, diabetes og pausetrim…
Tysdag kveld hadde Saniteten temakveld i Todalen Ungdomshus. Da sette dei førstehjelp og diabetes på dagsorden, og inviterte bygdafolket og dei andre sanitetsforeningane på Indre Nordmøre til temakvelden som samla mesta 60 deltakarar. Første post på programmet var enkel førstehjelp i kvardagen, der anestesisjukepleiar Ingeborg Myrvang informerte og ga gode råd om førstehjelp dersom uhellet var ute eller om ein opplevde akutt sjukdom. Ho la vekt at det kanskje er like viktig å tenkje førebyggjing, for å unngå skade eller uhell. Verstingen er vasskokaren med kokande vatn, som er livsfarleg for små ungar.
Les heile saka
Ope møte om diabetes og enkel førstehjelp
Tirsdag 18.september kl. 19.00 arrangerer Todalen Sanitetsforening ope møte i Todalen Ungdomshus.
Sanitetsforeningene i Rindal, Straumsnes, Halsa, Torvik og Øvre Surnadal er også inviterte, men Todalen Sanitetsforening håpar at programmet er såpass interessant at fleire møter opp.

Oppstart mer strikkekaffe igjen
Førskommande laurdag er det oppstart på den populære strikkekaffeen som Todalen Sanitetsforening brukar å arrangere i Sanitetshuset. Alle nye og gamle strikkarar er hjerteleg velkomne til ein ny haus med sosialt samvær og litt kreativt handarbeide. Men arrangørane påpeikar at dette er eit ope arrangement for alle som har lyst, og handarbeid er ikkje påkrevd. Undervegs blir det servering av kaffe med noko attåt.
Les heile saka
Fotterapi
Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Marit Sanden Søyset i Todalen Sanitetsforening. Denne gongen er dei oppsatte dagene som følger: torsdag 20. september, fredag 21. september og laurdag 22. september. Det er fortsatt fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset. Ho startar kl 9 alle dagane, og dei […]

Ny haustsessong
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande tirsdag opp att med sanitetsmøte i Todalen Sanitetshus. Dei er ei aktiv forening som engasjerer seg i det meste innan kvinnehelserelatert arbeide. I tillegg eig dei sitt eige hus, som dei har vedlikehald på.
Les heile saka
Sanitetsdamene på tur
Medlemmane i Todalen Sanitetsforening brukar kvart år å leggje sommaravslutninga si utaom sanitetshusets fire veggar. I år gjekk turen til Bøfjorden og eit besøk på Buret på Peøra hos Liv Berit Ansnes Brusethaug. Herfekk sanitetsdamene full oppvartning med omvisning på stabburet. Sekretær May-Elisabeth Holten har sendt oss ein heil del bilder frå besøket og omvisninga.
Les heile saka
Fotterapi
Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Marit Sanden Søyset. Denne gangen er de oppsatte dagene som følger: tirsdag 29. mai, torsdag 31. mai og mandag 4. juni. Det er fortsatt fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.
Les heile saka
Klart til konfirmasjon
I går ettermiddag var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å arrangere dugnad. Saniteten er som kkjent eigarmann av eige hus på Kvendset. Der er det no i helga utleidd til konfirmasjon, og då krevst det at området er flidd og i retteleg stand. Difor vart det denne kvelden raka, klippt plen og kjøyrt bort […]
Les heile saka
I desse dugnadstider…
Leiar i Todalen Sanitetsforening, Åse Ville Redalen opplyser at det førstkommande onsdag kl 17, og utover blir det arrangert dugnad også i Sanitetshuset. Her er det fliing til vår og konfirmasjonstid som står for døra, samtidig som at alle dei 120 sekkjane med innsamla kleder blir henta denne kvelden. Ta med river og godt humør! Enkel servering.
Les heile saka
Saniteten på besøk i skulen
I dag fekk elevane i Todalen oppvekstsenter besøk frå Todalen Sanitetsforening. Leiar Åse Ville Redalen fortalde at dei hadde eit ønske om å gi noko til barna på skulen og i barnehagen. Dei hadde kjøpt inn refleksvestar som barna kan bruke når dei skal på tur langs vegen. Elevane tykte dette var kjekt, og kunne mest ikkje vente med å prøve dei.
Les heile saka