Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny leiar i Todalen Sanitetsforening

Ny leiar i Todalen Sanitetsforening

Elinor Bolme Torsdag 7. februar 2013

Tirsdag kveld var det årsmøte i Todalen Sanitetsforening, der det vart nokre endringar i styresamansetjinga. Åse Ville Redalen takka for seg etter 10 år som leiar i laget, og årsmøtet valde samstemt Maren Ansnes som ny. Ho gjekk opp frå nestleiarplass, og denne vart erstatta av Ingrid Pedersen. Saniteten hadde lagt eit aktivt år bak seg, men blandt anna oppussing av ytterste utleigeleilighet og måling av heile Sanitetshuset. Godkjent regnskapet viste totalte utgifter som huseigar på nesten 169 000 kroner, medan totale utgifter for 2012 kom seg på vel 268 000 kroner. Likevel gjekk laget med eit overskot på vel 14 000 kroner.

Ein del av inntekta til Saniteten er utlodning av eit årleg kunstverk. I år er allerede nytt anskaffa, denne gong ein nydeleg akvarell måla av Lisabet Storslett, Yttererbaugen. Dette bildet vil bli utlodda på desembersamlinga. Loddbok og bildet blir stasjonert i Sanitetshuset, men allerede i  helga vil det bli med på ein fastelevensaksjon på L Hals.

Motiv frå Trollheimen, av Lisabet Storslett.

Også i omsorgsberedskapsgruppa vart det nokre endringar. Der ønska ikkje leiar Kari Kvendset attval, så ny leiar i gruppa vart Elinor Bolme. Hensikten med denne gruppa, er å oppretthalde samarbeidet med Surnadal kommune og den omsorgsberedskapsavtalen Todalen Sanitetsforening inngikk med dei for nokre år sidan. Avtalen er ein forpliktande avtale om samarbeid ved større ulykker, kriser og katastrofer. Rindal Sanitetsforening har ein liknande avtale med sin kommune. Les meir om den her.

Publisert: 7. februar 2013, 07:59